Min side Kundeservice Vår historie Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Sanninga om Homer

essay
Dei homeriske verka Iliaden og Odysseen har eit førpatriarkalsk verdsbilete og ei livsforståing som skil seg radikalt frå det me kjenner frå Bibelen og den klassiske antikken, aller mest i synet på kvinneleg og mannleg. Helena, til dømes, blir ikkje straffa for ekteskapsbrotet med prins Paris, Penelope kan senda friarane heim kva tid ho vil, og det er gudinnene Atene og Hera som fører grekarane til siger, mens Apollon og Ares støttar dei tapande trojanarane. Les mer
399,-
Sendes innen 1 virkedag
Dei homeriske verka Iliaden og Odysseen har eit førpatriarkalsk verdsbilete og ei livsforståing som skil seg radikalt frå det me kjenner frå Bibelen og den klassiske antikken, aller mest i synet på kvinneleg og mannleg. Helena, til dømes, blir ikkje straffa for ekteskapsbrotet med prins Paris, Penelope kan senda friarane heim kva tid ho vil, og det er gudinnene Atene og Hera som fører grekarane til siger, mens Apollon og Ares støttar dei tapande trojanarane.

Sanninga om Homer viser kva slags livsverdiar og personlege motiv som driv fram handlinga i desse tekstane, og gjer dei dermed tilgjengelege for ungdom og vaksne i vår tid. Dei fleste av oss kan kjenna seg att i det mangfaldige persongalleriet, ikkje minst i son til Odyssevs og Penelope, Telemakos, som ofrar seg for eit par egosentriske foreldre – utan at det nokon gong fell dei inn å gjera det same for han.

Solveig Aareskjold (f. 1949) er romanforfattar og essayist. Ho har vore morgonkåsør i NRK P2 og er spaltist i Klassekampen, der ho ofte skriv om kvinne- og mannsroller i eit historisk perspektiv.

Detaljer

Forlag
Spartacus
Innbinding
Innbundet
Språk
Nynorsk
Sider
184
ISBN
9788243016620
Utgivelsesår
2025
Format
22 x 14 cm

Les utdrag

Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag her

Bla i boka

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Sanninga om Homer:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv