Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Hå kulturhistorie

band 3 : frå 1870 til 1945

Dette er det tredje bandet av fire i Hå kulturhistorie. Til skilnad frå fleire bøker om lokalhistorie har dette verket eit breiare perspektiv å syna kommunen sin identitet og lokale mentalitet. Men dette er ikkje faste storleikar, dei er omskiftelege etter tid og etter kven sine auge som ser. Les mer

499,-
Innbundet
Utsolgt
Dette er det tredje bandet av fire i Hå kulturhistorie. Til skilnad frå fleire bøker om lokalhistorie har dette verket eit breiare perspektiv å syna kommunen sin identitet og lokale mentalitet. Men dette er ikkje faste storleikar, dei er omskiftelege etter tid og etter kven sine auge som ser. Identitet og mentalitet veks fram i det levde liv som eit møte mellom den eine og dei andre, mellom den vesle og store verda, mellom natur og kultur. I tekst og bilete vil Hå kulturhistorie fortelja om fortida og visa samanhengar mellom fortid og notid.
Dette bandet byrjar med eit breitt oversyn over utviklinga i Hå frå siste halvdel av 1800-talet til slutten på andre verdskrigen. I denne perioden skjer det dramatiske endringar på Jæren. Samfunnet går over frå å vera eit småskalasamfunn der dei lokale tilhøva set grenser for livet på staden, til å vera eit massesamfunn der ein stadig meir blir involvert i verdssamfunnet. I Hå endra næringslivet seg: jordbruket med auke i mjølkeproduksjonen, oppretting av meieri og nye jordbruksmaskinar, handelen med fleire handelsmenn, handelslag og forbruksforeiningar og industrien med teglverk og tare- og trevareindustri. I 1878 kom Jærbanen og framveksten av stasjonsbyane Nærbø, Varhaug og Vigrestad. Kommunevesenet og kommuneoppgåvene blei annleis. Fråhaldslag og misjonsforeiningar vart oppretta. Me ser korleis standpunkt endra seg over tid i denne perioden, ikkje minst i synet på kva kvinnerolla kunne vera; i 1913 fekk kvinnene ålmenn røysterett. Denne perioden inneheld to av dei mest dramatiske hendingane som har råka landet vårt verdskrigane. Under andre verdskrigen fann det stad noko som skaka Hå-samfunnet og vart eit sårt punkt lenge etter krigen avrettinga av 15 unge jærbuar som skulle flykta til England.

Detaljer

Forlag
Fagbokforlaget
Innbinding
Innbundet
Språk
Norsk Nynorsk
Sider
517
ISBN
9788232102303
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2014
Format
28 x 22 cm
Serie
Hå kulturhistorie. Band 1-4 3

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Hå kulturhistorie:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv