Saueull, fossekraft og gründerånd

Evebøfoss fabrikker 1910-1984

Evebøfoss Fabrikker var på store delar av 1900-talet hjørnesteinsbedrifta i Gloppen i Nordfjord. Ullvarefabrikken vart grunnlagt i 1910 av Anders Hansen (1855-1915) og eldstesonen Hans A. Hansen (1881-1966). Les mer
Vår pris
443,-

(Innbundet) Fri frakt!
Leveringstid: Sendes innen 3 - 10 dager

Storkunde?
Vi gir kvantumsrabatt! Les mer

Vår pris: 443,-

(Innbundet) Fri frakt!
Leveringstid: Sendes innen 3 - 10 dager

Storkunde?
Vi gir kvantumsrabatt! Les mer

Om boka

Evebøfoss Fabrikker var på store delar av 1900-talet hjørnesteinsbedrifta i Gloppen i Nordfjord. Ullvarefabrikken vart grunnlagt i 1910 av Anders Hansen (1855-1915) og eldstesonen Hans A. Hansen (1881-1966). Anders kom frå fattige kår i Utvik. Han såg krafta i fossane og ville skape arbeidsplassar ved å utnytte distriktet sitt eige råstoff, saueull. Sauebøndene fekk nye inntekter, og fabrikken voks fram som ein naturleg del av bygdene sitt arbeidsliv. Gloppen tok gradvis spranget frå eit relativt stilleståande bondesamfunn til eit meir dynamisk industrisamfunn.

Pietismen er sentral for å forstå etableringa og framveksten av Evebøfoss Fabrikker. Grunnleggjarane var prega av verdiar som sjølvberging, nøysemd, høg arbeidsmoral, fråhald frå alkohol og sjølvdisiplin.

Evebøfoss utvida drifta og flytta til ny fabrikk på Elvaneset i 1924. Etter krigen tok tredje generasjon over bedrifta, som på det meste hadde 110 tilsette. I 1947-48 kom ny murbygning med trikotasjefabrikk. På 1970-80-talet vart Evebøfoss råka av krisa i teko-industrien, og gjekk konkurs, først i 1973 og så i 1984.

Denne boka fortel historia om vekst og fall for Evebøfoss Fabrikker. Forfattaren set også Evebøfoss si historie inn i ein større teoretisk samanheng med vekt på den industrielle revolusjonen.

Fakta