Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Skarnsundbrua

Då Skarnsundbrua vart opna 19. desember 1991 var ho verdas lengste skråkabelbru. Ho er framleis verdas lengste skråkabelbru - i betong. Brubyggingskunst i verdsklasse, med ei rekkje prisar for framifrå ingeniørkunst og høg estetisk kvalitet. Les mer

200,-
Innbundet
Sendes innen 3 - 14 dager
Då Skarnsundbrua vart opna 19. desember 1991 var ho verdas lengste skråkabelbru. Ho er framleis verdas lengste skråkabelbru - i betong. Brubyggingskunst i verdsklasse, med ei rekkje prisar for framifrå ingeniørkunst og høg estetisk kvalitet. I denne boka følgjer vi prosjektet frå den første spede ideen vart født mellom ei handfull framsynte folk i Mosvik, via den staselege brupopninga og heilt til bompengeselskapet A/S Skarnsundbrua kunne oppløyse seg sjølv etter fullførd oppdrag. Brubygging er ikkje berre teknikk, det er også økonomi, politikk og estetikk. I denne boka blir bruprosjektet sett inn i ein brei kontekst av samferdselshistorie og brubyggingskunst. Det er eigne kapittel om konstruksjon og byggemåte, men også om bru- estetikken. Skarnsundbrua er eit ynda motiv, og boka er rikt illlustrert med mange kjende og ukjende fotografi av «dronninga» mellom dei trønderske bruene. Men først og fremst er boka ei hylling til alle dei som trudde på tanken og bidro til realiseringa av dette eineståande samferdselsprosjektet. Tidlegare ordførar i Mosvik og styreledar i A/S Skarnsundbrua hadde ideen til denne boka. Svein Hovland er sivilingeniør og var prosjekt-ledar for Skarnsundbrua. Han har skrive kapitlet om konstruksjon og byggeprosess. Dei andre kapitla er forfatta av Robert Øfsti, kunsthistorikar og faglitterær forfattar.

Detaljer

Forlag
Embla
Innbinding
Innbundet
Språk
Norsk Bokmål Norsk Nynorsk
Sider
153
ISBN
9788283820195
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2022

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Skarnsundbrua:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv