Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Trebyen Trondheim - modernisering og vern

ein studie av byplandebatten 1960-2005

«Trondheims sjel er lave hus i tre.» Dette sa dåverande ordførar i Trondheim Anne Kathrine Slungård etter at eit trehuskvartal i Nordre gate brann ned til grunnen i 2002, og la til: «Den nye bebyggelsen bør være slik vi kjenner Trondheim; lav og i tre. Les mer

499,-
Paperback
Utsolgt
«Trondheims sjel er lave hus i tre.» Dette sa dåverande ordførar i Trondheim Anne Kathrine Slungård etter at eit trehuskvartal i Nordre gate brann ned til grunnen i 2002, og la til: «Den nye bebyggelsen bør være slik vi kjenner Trondheim; lav og i tre.»
I tida etter brannen blussa debatten om Trondheim si sjel og sine trehus opp, som den hadde gjort så mange gongar før dei siste seksti åra. Skulle ein byggje nytt og moderne, eller skulle ein prøve å gjenskape den sjelasom gjekk tapt? Skulle ein byggje i tre eller i glas, stål eller betong? Skulle ein bygge høgt eller lågt? Arkitektar, planleggjarar, kulturminneforvaltarar, politikarar, næringsdrivande og «vanlege» innbyggjarar i byen hadde mange og ulike meiningar. I tidlegare debattar om byutviklinga på Bakklandet, Møllenberg, Svartlamoen og ikkje minst i Midtbyen har spørsmålet vore: Skal husa stå eller rivast for å gjere plass til nye bygningar eller vegar?
I boka Trebyen Trondheim modernisering og vern tek Dag Kittang for seg byplandebattane knytt til trehusa i byen. Boka er ei omarbeiding av Kittang si doktoravhandling frå 2006. Forfattaren viser korleis debatten om vern og fornying av den historiske trebyen har utvikla nye forståingsformer og etablert nye arkitektur- og planleggingsideal, og kva konsekvensar desse har hatt for byutviklinga. Boka er ei påminning om behovet for å ta vare på mangfaldet i byane våre, som ikkje minst dei gamle bygningsmiljøa i tre representerer.
Dag Kittang (f. 1949) er professor ved Institutt for byforming og planlegging NTNU.

Detaljer

Forlag
Fagbokforlaget
Innbinding
Paperback
Språk
Nynorsk
Sider
292
ISBN
9788245017199
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2014
Format
24 x 17 cm

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Trebyen Trondheim - modernisering og vern:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Rebell

Pénélope Bagieu
Innbundet 
262,- 299,-
 

Rebell

Pénélope Bagieu
Innbundet 
272,- 299,-
 

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv