Få diktsamlingar er så ettertrykkeleg blitt fordømde og verdskjende som Charles Baudelaires Les Fleurs du mal.
I overgangen mellom romantikk og symbolisme markerte desse dikta sjølve vendepunktet i den europeiske lyrikken, der det moderne storbylivet stig fram, overmåte fascinerande og sorgfullt på same tid.
Les mer

Med denne store samlinga er ei stor gjerning av gjendiktar Haakon Dahlen avslutta for å gjere dette hovudverket tilgjengeleg samla og komplett for fyrste gong. Boka omfattar samtlege dikt frå 1868-utgåva, der dikta i bolken "Vrakgods" er med, og inneheld óg dei seks forbodne dikta fra 1857-utgåva.
Det vondes blomar er Charles Baudelaire (1821-1867) sitt hovudverk og er kanskje det lyriske verket som har vore viktigast for moderne europeisk og amerikansk poesi. Baudelaire var óg ein kjend kunstteoretikar i si samtid.