Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Ein far til overs

dikt

I denne diktsamlinga undersøkjer Sondre H. Bjørgum narrativet til far. For ein far kjem i mange utgåver. Han skriv om kva far burde være og kva far ikkje vart. Og om far som mannar seg opp og tek seg saman. Les mer

272,-

299,- Spar: 27,-

Sendes innen 1 virkedag
I denne diktsamlinga undersøkjer Sondre H. Bjørgum narrativet til far. For ein far kjem i mange utgåver. Han skriv om kva far burde være og kva far ikkje vart. Og om far som mannar seg opp og tek seg saman.

Desse dikta er om forventning, om kjærleik på avvege, om klasse og kjønna fedreskap og nærleik som forsvinn når far går med nasa trykt ned i mobilskjermen. Om far som tastar med det eine auga, set på kaffien med det andre, nyheitsoppdaterer seg med tredje og vekkjer borna med det fjerde, kommenterer stories med det femte, heller mjølk i koppen med det sjette og trykker like med det sjuande.

Sondre H. Bjørgum spør: Kva far skal ein vera for sine små og store? Kor mange fedre kan far vera? Og kva skjer med ein far som ikkje virker lenger?
Ein far til overs er eit angreps- og forsvarsskriv for far.

ein far
som ikkje er i bruk lenger

ein far
som ikkje er i virke

ein uverkeleg
far

ein far til overs

«Denne diktsamlingen er bare gull - anbefales!» - Hedvig Montgomery

Detaljer

Forlag
Aschehoug
Innbinding
Innbundet
Språk
Norsk Nynorsk
Sider
199
ISBN
9788203394416
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2022
Format
21 x 14 cm

Les utdrag

Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag her

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Ein far til overs:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv