Stein til stein
39 dikt og 1 salme
Jon Fosse (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste norske forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger over heile verda. Les mer
Det er i år ti år sidan Fosse sist gav ut ei tradisjonell diktsamling. Fosse karakteriserer den nye samlinga som ei kravlaus lita samling. Boka inneheld dikt, men òg ei salme, Nattsalme, som har fått plass i den nye salmeboka.
Satt på spissen kan det hevdes at det ikke bare er Jon Fosse som kommer til ord og syner i disse diktene, det er virkeligheten eller tilværelsen selv som viser seg.
Atle Christiansen, Aftenposten
... ei samling som på underleg vis kjem "vanlege folk" i møte.
Emil Otto Syvertsen, Fædrelandsvennen
I de beste diktene setter han ord på vesentlige erfaringer ved det å være menneske. Mer kan man ikke forlange av en dikter.
Frode Helmich Pedersen, Bergens Tidende
For å gjere det heilt klart i denne meldinga: Stein til stein inneheld mykje stor lyrikk.
Alf Kjetil Walgermo, Vårt Land
Vanleg samtidslyrikk når sjeldan eit breitt publikum. Denne boka kan bli unntaket.
Tore Elias Hoel, Dag og Tid
Detaljer
- Forlag
- Samlaget
- Innbinding
- Innbundet
- Språk
- Norsk Nynorsk
- Sider
- 58
- ISBN
- 9788252183412
- Utgave
- 1. utg.
- Utgivelsesår
- 2013
- Format
- 20 x 14 cm
- Nr
- 8027498
Utdrag
SKY AV LYS
ikkje eit lys
men ei sky av lys ei sky
av mørker
som er eit lys som ikkje skil
mellom lys og mørker
i ei sjel som ikkje er ei sjel
i ei natt som er både dag og natt
og som verken er dag eller natt
ein tanke som ikkje kan tenkjast
eit syn som ikkje kan sjåast
ei utstrekning som ikkje er utstrekt
eit hav og ein himmel
som ikkje finst til
og som er
det som er
men ei sky av lys ei sky
av mørker
som er eit lys som ikkje skil
mellom lys og mørker
i ei sjel som ikkje er ei sjel
i ei natt som er både dag og natt
og som verken er dag eller natt
ein tanke som ikkje kan tenkjast
eit syn som ikkje kan sjåast
ei utstrekning som ikkje er utstrekt
eit hav og ein himmel
som ikkje finst til
og som er
det som er