Tidslys
«Om eg nokon gong skulle underlagt meg hypnose, trur eg at eg ville gått til Torvund (...) Dikta hans syner i alle fall korleis han hentar skattar opp frå djupet og granskar dei i fullt og mildt dagsljos, ærleg og uredd.»
Erik Lodén, Stavanger Aftenblad
TIDSLYS er nettopp det - dikt om tida sitt lys. Om samspelet mellom desse grunnleggjande elementa i kvardagen. Samtidig er det ei bok om livsalvoret. Det har vorte sagt om Helge Torvund at han skreiv mindful poesi lenge før omgrepet vart introdusert her i landet. Les mer
Lesaren får leva med i det å vakna på Jæren eller i Yorkshire, og i det å velja livet, - igjen og igjen. I dikt fulle av ro, - og av uro. Dikt med pågangsmot - og avmakt.
Fleire dikt er studiar nettopp i det som er i live; dyr, plantar og ikkje minst poeten sjølv. Kvardagssyn og søndagssansingar, tidsoppleving og lyserfaring.
Vel har dei fleste åra kome og gått, men våren er jammen frekk nok til å dukka opp her på ny. Ja, ja, kva gjer vel det? Poeten er jo ennå i live - i livet. Alt det som spelar seg kring han og i han, i moll og i dur.
Detaljer
- Forlag
- Aschehoug
- Språk
- Norsk Nynorsk
- ISBN
- 9788203363399
- Utgave
- 1. utg.
- Utgivelsesår
- 2018
Les utdrag
Åpne utdrag herAnmeldelser
«Om eg nokon gong skulle underlagt meg hypnose, trur eg at eg ville gått til Torvund (...) Dikta hans syner i alle fall korleis han hentar skattar opp frå djupet og granskar dei i fullt og mildt dagsljos, ærleg og uredd.»
Erik Lodén, Stavanger Aftenblad