Digg
«Matfilosofi og kokebok i ei herleg blanding.»
Jonn Karl Sætre, Kvinnheringen
Ein gong skulle Anders verta stjernekokk, med Michelin-stjerner og hundre timars arbeidsveke, men før han kom så langt møtte han veggen. No, ti år seinare, har forfattaren, hagebonden, journalisten og småbarnsfaren funne ein heilt annan måte å kokkelere på. Les mer
399,- Spar: 36,-
I kokeboka DIGG finn vi alle ingrediensane som høyrer heime i ei kokebok: forrettar, supper, middagar og dessertar, men Anders Totland spissar det heile med eit par heilt eigne krydder. Her finn du kapittelet «Rettar som lagar seg sjølv» for dei med lita tid og mange gjestar, «Frå hage til mage» til dei med grøne fingrar og uante mengder etande ugras. Kva med friterte blomar til middag? Og får du litt til overs har Anders restetips til kvar oppskrift samt eit eige kapittel om restemat.
Dei festlege rettane i boka kan lagast av kven som helst, med kvardagslege ingrediensar alle kan finne i nærbutikken i kvar einaste krå av landet. Med anekdotar som frå si eiga bryllaupsreise, jakta på den perfekte «crepe» og verdas mest tolmodige kone skildrar han livet som matgal før han snøgt tek oss attende til kjøkkenbenken der 4-åringen ventar svolten på fleskepannekaker. Saman med fotograf Marius Knutsen har Anders Totland lagar han ei saftig, rå og raus kokebok som inspirerer sjølv den matleie i tidsklemma.
Detaljer
- Forlag
- Skald
- Innbinding
- Innbundet
- Språk
- Norsk Nynorsk
- Sider
- 150
- ISBN
- 9788279592693
- Utgave
- 1. utg.
- Utgivelsesår
- 2017
- Format
- 25 x 22 cm
- Nr
- 8137048
Bla i boka
Anmeldelser
«Matfilosofi og kokebok i ei herleg blanding.»
Jonn Karl Sætre, Kvinnheringen
«Det går ikke lang tid før du finner noe fristende i denne boka.»
Eivind Dahle Sjåstad, Hardanger folkeblad
«Det beste med rettane i Digg er at alle kan laga dei, og at dei mest matleie av oss kan finna inspirasjon til å gje kvardagsmiddagen eit lyft.»
Nils Kvamsdal, Avisa Hordaland