Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Kornboka

brødets og ølets historie

«Hvem kan skrive finere om korn enn lyrikeren og planteforedleren Åsmund Bjørnstad, professor ved NBMU på Ås. (...) Bjørnstad får godt frem hvordan historien til imperiene viser at korn ikke bare er kalorier, men geopolitikk. (...) Åsmund Bjørnstad driver fagformidling på sitt beste.»

Henning Howlid Wærp, Aftenposten

Boka tar for seg korleis historia til kornet er vevd inn i sivilisasjonane som har bygd på det, fram til i dag. Biologiske eigenskapar og mutasjonar vi har møtt på tallerken og i gryta, er evolusjonsbiologi god som nokon. Les mer

409,-

449,- Spar: 40,-

Innbundet
Sendes innen 1 virkedag
Interessert i historiebøker?
Bli med i fordelsklubben Vår historie og få fordelspris 381,-
Boka tar for seg korleis historia til kornet er vevd inn i sivilisasjonane som har bygd på det, fram til i dag. Biologiske eigenskapar og mutasjonar vi har møtt på tallerken og i gryta, er evolusjonsbiologi god som nokon. Dei finst i språket, i religion og kultur, i forskjellar mellom samfunn og i global politikk i dag. Dei stivelsesrike grasfrøa vi har levd av i tusenvis av år, vil vi òg avhenge av framover - men korleis?

Folk har sanka korn i titusenvis av år - men for 10-12 000 år sidan tok dei til å temme det - først i Midtausten, snart etter i Kina, så Mellom-Amerika, Afrika og India. Dei blei, liksom husdyra, genetisk endra til eit liv i fangenskap. Dei kunne rømme igjen, men ikkje menneska, fordi dei raskt blei fleire. Fordi kornet var haldbart i årevis, blei kornlageret verdas første pengar og kapital og grunnlag for klassesamfunn. Alle kornsamfunn utvikla derfor skriftspråk og talsystem. I Kina og Afrika blei kornet kokt, i Midtausten male til mjøl og bakt til brød. Alle kunne når som helst brygge øl av det.

Det siste tiåret har DNA-sekvensering klarlagt mange av gena som temma kveite, ris, mais og andre kornartar. Somme mutasjonar, som aroma i basmati-ris, skjedde ein gong og spreidde seg til jasmin-ris. Andre eigenskapar har oppstått fleire gonger. Saman med ny arkeologi trer dei mange kornhistoriene nå fram.

Kornets biologiske historie er vår mathistorie. Rikdomen på mutasjonar gjorde mogleg mangedoblinga i kornproduksjonen i løpet av 1900-talet. Trass i ei tredobling av folketalet fall kornprisen kontinuerleg, bortsett frå under verdskrigane og ei børsboble i 1973. Ingen hundreår før har sett ei slik utvikling. Kornet mettar dei sju milliardane i dag , men kan det òg mette ti? Må vi ete meir korn, heller enn å fø opp stadig fleire husdyr? Og er det sunt for oss? Frå å vera eit symbol på overflod, feira på tallause myntar og frimerke, blir korn - særleg kveite - nå klandra for sjukdomar som cøliaki, diabetes og fedme. Samtidig vil mange ha

Detaljer

Forlag
Dreyers forlag
Innbinding
Innbundet
Språk
Nynorsk
Sider
347
ISBN
9788282655149
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2021
Format
27 x 25 cm

Anmeldelser

«Hvem kan skrive finere om korn enn lyrikeren og planteforedleren Åsmund Bjørnstad, professor ved NBMU på Ås. (...) Bjørnstad får godt frem hvordan historien til imperiene viser at korn ikke bare er kalorier, men geopolitikk. (...) Åsmund Bjørnstad driver fagformidling på sitt beste.»

Henning Howlid Wærp, Aftenposten

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Kornboka:

Melk

Tore Stavlund
Innbundet 
345,- 379,-
 

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Skogen

Anne Sverdrup-Thygeson
Innbundet 
375,- 429,-

Tid

Carlo Rovelli
Innbundet 
318,- 349,-
 

Stormen

Ivo de Figueiredo
Innbundet 
419,- 479,-
 

Fri

Lea Ypi
Paperback 
229,-

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv