Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Konstruktiv journalistikk

kritisk og løysingsorientert

Kvar einaste dag skjer det positive og negative hendingar i verda, men nyheitsmedia rapporterer mest frå den negative sida. Over år har nyheitsformidlinga blitt ei historie om kriser, problem og skeivutvikling i samfunnet. Les mer

429,-
Paperback
Sendes innen 3 - 10 dager
Kvar einaste dag skjer det positive og negative hendingar i verda, men nyheitsmedia rapporterer mest frå den negative sida. Over år har nyheitsformidlinga blitt ei historie om kriser, problem og skeivutvikling i samfunnet. Det er få nyheiter om positive utviklingstrekk, og det er sjeldan debatt om løysingar.

Skal journalistikken vera relevant, må nyheitene gi eit meir balansert og truverdig bilde av verda. Konstruktiv journalistikk har som mål å retta opp det skeive nyheitsbildet og gi løysingar ein større plass.

Dette er ei praksisorientert bok som gjer greie for kva som kjenneteiknar konstruktiv journalistikk. Boka formidlar refleksjonar frå erfarne journalistar og leiarar i bransjen, og tar til orde for ei nødvendig utvikling av journalistikken. Ambisjonen er å fornya faget og medverka til ei meir vital samfunnsrolle.

Boka er skriven for studentar, journalistar og andre som jobbar i media, politikarar og alle samfunnsinteresserte.

Vigdis Holmaas er journalist og vaktsjef i NRK, der ho har jobba sidan 1988, mellom anna som nyheitssjef. Ho har utdanning i medievitskap frå Universitetet i Bergen og leiarutdanning frå NHH og Handelshøyskolen BI.

«Verden og fremtiden er ikke så mørk som journalister vil ha det til.»

Tomm Kristiansen, forfattar og utanriksjournalist i NRK

«Det er et fantastisk velferdssamfunn vi lever i, men det er oftest historiene om skavankene som blir fortalt. Det kan bidra til et helt feilaktig bilde.»

Tone Sofie Aglen, politisk kommentator i VG

«Nokre journalistar forvekslar «kritisk» og «negativ». Dei trur dei er kritiske, men eigentleg er dei negative. Det er ikkje truverdig journalistikk.»

Øyulf Hjertenes, sjefredaktør i Bergens Tidende

Detaljer

Forlag
Fagbokforlaget
Innbinding
Paperback
Språk
Norsk Nynorsk
Sider
178
ISBN
9788245024043
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2019
Format
22 x 16 cm

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Konstruktiv journalistikk:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Ro

Sigri Sandberg
Innbundet 
363,- 399,-
 

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv