Journalistikkens samfunnsoppdrag
Begrepet samfunnsoppdrag har vorte eit moteord i den journalistiske kvardagen og mediedebatten, men kva som ligg i begrepet, er langt frå eintydig. Journalistar og mediefolk brukar begrepet samfunnsoppdrag i svært vid tyding for å forklare og legitimere journalistisk verksemd. Og samfunnsoppdrag som begrep vert også nytta på ei rekkje andre område enn journalistikk. Les mer
Begrepet samfunnsoppdrag har vorte eit moteord i den journalistiske kvardagen og mediedebatten, men kva som ligg i begrepet, er langt frå eintydig. Journalistar og mediefolk brukar begrepet samfunnsoppdrag i svært vid tyding for å forklare og legitimere journalistisk verksemd. Og samfunnsoppdrag som begrep vert også nytta på ei rekkje andre område enn journalistikk.
I denne boka blir begrepet journalistikkens samfunnsoppdrag underkasta kritikk og analyse ut frå ei rekkje ulike perspektiv: den filosofiske grunngjevinga for samfunnsoppdraget, samfunnsoppdraget i lys av presseetikkens teori og praksis, allmennkringkastingas praksis i ein ny fleirkulturell og fleirmedial kvardag, Google som den etter kvart viktigaste reiskapen i journalistanes verktøykasse og framtidas interaktive fjernsynsreportasje som no byrjar å vise seg.
Forfattarane av artiklane i denne boka arbeider til dagleg med slike spørsmål blant anna i samband med fleire doktorgradsprosjekt frå dei siste åra. Dei har vore samla i forskingsprosjektet «Journalistikk i endring», som har sitt utspring i journalistutdanninga ved Høgskulen i Volda. Redaktørar for boka har vore Johann Roppen og Sigurd Allern.

Detaljer
- Forlag
- IJ-forlaget
- Innbinding
- Paperback
- Språk
- Bokmål Nynorsk
- Sider
- 264
- ISBN
- 9788271473464
- Utgave
- 1. utg.
- Utgivelsesår
- 2010
- Originaltittel
- Journalistikkens samfunnsoppdrag
- Format
- 24 x 17 cm