Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Eg kjem tilbake

"Eg kjem tilbake" er ein roman som skil seg ut frå kva ein er vant med å lese i norsk samtidsprosa. Tarjei Vesaas debutantprisvinnar Lars Petter Sveen har skrive ei actionfylt historie som trekk vekslar på westernsjangeren. Les mer

149,-
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp
"Eg kjem tilbake" er ein roman som skil seg ut frå kva ein er vant med å lese i norsk samtidsprosa. Tarjei Vesaas debutantprisvinnar Lars Petter Sveen har skrive ei actionfylt historie som trekk vekslar på westernsjangeren. Det er ei fortelling som på same tid er skremmande og vakker, brutal og vanskeleg, og som prøver å vise kva menneske er i stand til. Med eit språk som er poetisk og effektivt, er "Eg kjem tilbake" først og fremst ei drivande og spennande bok.
"For sin første, novellesamlingen «Køyre frå Fræna» (2008), fikk han Tarjei Vesaas' debutantpris - dersom det finnes en tilsvarende pris for bok nummer to, kan den tildeles Sveen med det samme!
For maken til litterært talent skal man lete lenge etter. (...) Gjennom et usedvanlig vakkert og poetisk språk setter Sveen leseren inn i en verden uten håp og kjærlighet, uten noe sted å søke dekning. Det er imponerende gjort."
Sigrun Hodne, Stavanger Aftenblad

"Midt i vanvitet, boka er spennande, og språket flyt slik det skal hos ein Vesaas-prisvinnar."
Bjarne Tveiten, Fædrelandsvennen (terningkast 5)

"I 'Eg kjem tilbake' tek Sveen ei ny retning, til ei oppdikta og skrudd verd som blir like verkeleg som innsida av handa di, og det stadfester at ein stor forfattar har begynt å visa seg (...) Blodet dryp, kulene susar og det er eit høgt, lesverdig tempo gjennom heile romanen.
Slike actionfylte romanar fell gjennom om dei ikkje har dette andre nivået, men Sveen er dyktig (...) Sveen har skrive tett til beinpipene om dei verste tinga i mennesket."
Vidar Kvalshaug, Aftenposten

"Lars Petter Sveen framstår i det hele tatt som svært stilsikker, til tider er det som jeg hører Hjortefot bak meg."
Erlend Røyset, Klassekampen

"Alt i alt les eg teksten som ein allegori over dei fundamentale livsvilkåra i verda. Og eg må seie at eg er fascinert over retninga Sveen har gått med bok nummer to, og framleis nyfiken."
Merete Røsvik Granlund, Dag og Tid

"Lars Petter Sveen skriv uhyggeleg og godt... [Han] strekkkjer seg mot store forbilde [Vesaas, Conrad og McCarthy] og han gjer det utan å få noko å skjemmast over ... Sveen fekk Tarjei Vesaas debutantpris i 2008. Eg har dessverre ikkje fått lest novellesamlinga hans "Køyre frå Fræna", men det ser eg verkeleg fram til å gjere."
Nora Simonhjell, Morgenbladet

Detaljer

Forlag
Aschehoug
Språk
Norsk Nynorsk
ISBN
9788203199905
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2012

Lytt til utdrag

Utdraget er hentet fra lydbokbokutgaven

Les utdrag

Åpne utdrag her

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Eg kjem tilbake:

Arven
Ny!

Arven

Victoria Hislop
Innbundet 
449,-
 

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv