Lyden av to hender

roman

«Velkomponert verk om talentfull musikar som viklar seg inn i mysterium frå fortida.»

, Stavanger Aftenblad
Om å satse høgt og drøyme stort

Lotte satsar alt på å bli ein dyktig konsertpianist. Men ho blir ikkje vald som solist til
Vårkonserten i Wien, og verda hennar fell i grus. Midt i semesteret reiser ho heim til Noreg for å søke råd hos den gamle pianolæraren sin. Les mer
Vår pris
323,-
Spar
46,-

Veil. pris: 369,-  (Innbundet) Fri frakt!
Leveringstid: Sendes innen 3 virkedager

Innbundet
Legg i
Innbundet
Legg i
Vår pris: 323,-
Spar: 46,-

Veil. pris: 369,-  (Innbundet) Fri frakt!
Leveringstid: Sendes innen 3 virkedager

Om boka

Om å satse høgt og drøyme stort

Lotte satsar alt på å bli ein dyktig konsertpianist. Men ho blir ikkje vald som solist til
Vårkonserten i Wien, og verda hennar fell i grus. Midt i semesteret reiser ho heim til Noreg for å søke råd hos den gamle pianolæraren sin. Jákob var helten til Lotte då ho vaks opp, ein som stilte opp då hennar eigen far var opptatt med alt anna. Men det er noko som ikkje stemmer. Kvifor ville Jákob gi opp karrieren som konsertpianist for å bli pianolærar i Noreg? Kva var det som skjedde i Ungarn, som gjorde at han måtte flykte tidleg i tjueåra?

"Lyden av to hender" er ein roman om musikk, store draumar og skjebnesvangre val - og om støyen frå alt det vi ikkje snakkar om. Boka er Sunniva Relling Bergs første roman for vaksne.

Sunniva Relling Berg (f. 1988) kjem frå Ålesund. Ho debuterte i 2011 med den kritikarroste ungdomsromanen "Utfor", som blei nominert til Brageprisen. Ho har seinare gitt ut romanane "Beina i gitaren" (2013) og "Polarnatt" (2019) for ungdom. "Lyden av to hender" (2021) er hennar fyrste roman for vaksne.

Fakta

Bla i boka

Anmeldelser

«Velkomponert verk om talentfull musikar som viklar seg inn i mysterium frå fortida.»

, Stavanger Aftenblad

«Romanen [er] vanskeleg å legge frå seg. Den lettleste historia gjer boka til perfekt lesing i ferien når ein vil kople av, eller som ei verkelegheitsflukt mellom seansar med tung pensumlesing.»

, Under Dusken

«Det finst ikkje tvil om at Sunniva Relling Berg meistrar alle verkemidla litteraturen har å by på til fingerspissane. Prosaen som ho skriv er fabelaktig. Ei meir velskriven bok skal ein sjå langt etter. Forteljarstemma er distinkt og unik, og orda flyt bortover . nesten som tonar i eit vakkert musikkstykke. Det er rett og slett berre deilig å lesa denne boka.»

, Framtida.no