– Då eg hadde lese siste side, og plasserte boka varsomt i bokhylla, kjende eg korleis julestemninga låg djupt inni hjarta mitt, og eg tenkte at dette er ei bok der den ekte julebodskapen og gleda ligg i botnen! Oddgeir Bruaset er nok for dei fleste mest kjent som programleiar for NRK-programmet "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu", men Bruaset har med denne boka gitt oss lesarar julestemning i sideform, og eg har ikkje adjektiv som kan beskrive kor fantastisk nydeleg denne boka faktisk er! Boka fortel korleis våre julemelodiar vart til, og me får bli med på ei reise i skapinga av melodiar som "Mitt hjerte alltid vanker" og "Det lyser i stille grender". Bruaset skriv vakkert og underhaldande, og stemninga dukkar opp på kvar side! Denne boka gir både kunnskap og julestemning, og eg vil så absolutt anbefale den som årets flottaste julegåve!
Stille natt
Ingenting set oss i betre julestemning enn julesongane! I Stille natt fortel Oddgeir Bruaset historia om korleis 23 av dei kjende og kjære julesongane våre er blitt til - songar og salmar vi lærte som born, og som vi vil gi vidare til våre eigne born og barneborn. Les mer
399,- Spar: 36,-
«Det er eit praktverk fylt av utsøkte tekstar og salmer og songar som me alle har eit forhold til. Boka er også velsigna med så vakre fotografi frå heile vårt langstrekte land at det er ei estetisk nyting berre å skumlese boka.» Setesdølen
Medlemsvurdering:
Då eg hadde lese siste side, og plasserte boka varsomt i bokhylla, kjende eg korleis julestemninga låg djupt inni hjarta mitt, og eg tenkte at dette er ei bok der den ekte julebodskapen og gleda ligg i botnen! Oddgeir Bruaset er nok for dei fleste mest kjent som programleiar for NRK-programmet "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu", men Bruaset har med denne boka gitt oss lesarar julestemning i sideform, og eg har ikkje adjektiv som kan beskrive kor fantastisk nydeleg denne boka faktisk er! Boka fortel korleis våre julemelodiar vart til, og me får bli med på ei reise i skapinga av melodiar som "Mitt hjerte alltid vanker" og "Det lyser i stille grender". Bruaset skriv vakkert og underhaldande, og stemninga dukkar opp på kvar side! Denne boka gir både kunnskap og julestemning, og eg vil så absolutt anbefale den som årets flottaste julegåve!Jo
Detaljer
- Forlag
- Vigmostad Bjørke
- Innbinding
- Innbundet
- Språk
- Norsk Nynorsk
- Sider
- 287
- ISBN
- 9788241934056
- Utgave
- 1. utg.
- Utgivelsesår
- 2020
- Originaltittel
- Det lyser i stille grender
- Format
- 26 x 21 cm
Kunders vurdering
Skriv en vurdering
– Dei kjende, kjære songane som har formidla julegleda og julebodskapen til folket vårt gjennom mange generasjonar, og nokre av dei nye som har vunne plass i tradisjonen dei siste åra, har kvar sine forunderlege soger. Slett ikkje alle vart til i glade høgtidsstunder, og langt frå alle forfattarar og komponistar visste om at dei skapte songskattar for ettertida. Dei fjorten julesongane som er presenterte i boka, er trykt med tekst, notar og besifring. Historiene om dei er lunt og levande fortalde, i same målform som kvar av songane har. Det er både til glede og refleksjon å bli kjend med dei svært ulike situasjonane julesongane vart til i, og denne boka høyrer så absolutt heime i juleførebuinga.