Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Ein lykkeleg slutt

roman

«Maren Uthaug har skrevet en frodig, smakløs og utemmet roman som nesten er dødsbra ...»

Gabriel Michael Vosgraff Moro, VG

Skjebnen, døden og kjærleiken.
Nicolas er gravferdskonsulent. Ja, faktisk er han den sjuande gravferdskonsulenten i byrået, som har vore i familien sidan 1800-talet. Han nedstammar frå ei rekkje med Christianar, og sjølv om foreldra prøvde å lure skjebnen ved å døype han Nicolas, er han like fullt arveleg belasta. Les mer

329,-
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp
Skjebnen, døden og kjærleiken.
Nicolas er gravferdskonsulent. Ja, faktisk er han den sjuande gravferdskonsulenten i byrået, som har vore i familien sidan 1800-talet. Han nedstammar frå ei rekkje med Christianar, og sjølv om foreldra prøvde å lure skjebnen ved å døype han Nicolas, er han like fullt arveleg belasta.
Det heile startar på 1800-talet då den danske sjømannen Christian 1 tumlar i land på stillehavsøya Tikopia. Her giftar han seg med Konkylie, og dei får to barn. Men på øya der det er plass til berre 989 menneske, er dottera fødd utan løyve og må døy. Ti år gamal ofrar Christian 2 seg for veslesyster si. Han legg ut på ei reise tilbake til røtene, til København - ein skiten, innestengd og pestramma by. Christian, som er van med døden frå heimøya, viser seg som ein stødig hjelpar i saker som har med døden å gjere.

Maren Uthaug fortel med grotesk humor om døden i alle slags fasettar - om epidemiar, nekrofili og spøkelse, om gravferdsritual og nyvinningar i bransjen. Ein lykkeleg slutt er ein fantasifull slektsroman som rommar 200 år med kulturhistorie om døden og minst sju kjærleikshistorier, og viser korleis nokon kan slå seg opp på andre si ulykke.
Omsett av Ingvild Holvik.

Maren Uthaug (f. 1972) er ein dansk-norsk forfattar, teikneserieskapar og bloggar som fekk strålande kritikk i Noreg for romanen Der det finst fuglar (2020). Ho er fødd i Noreg og flytta til Danmark som åtteåring. I 2018 fekk ho DR Romanprisen for Der det finst fuglar. Ein lykkeleg slutt er den tredje romanen hennar, og for den fekk ho Læsernes Bogpris i 2020.

Detaljer

Forlag
Samlaget
Språk
Norsk Nynorsk
ISBN
9788234003813
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2021
Originaltittel
En lykkelig slutning

Lytt til utdrag

Utdraget er hentet fra lydbokbokutgaven

Les utdrag

Åpne utdrag her

Bla i boka

Anmeldelser

«Maren Uthaug har skrevet en frodig, smakløs og utemmet roman som nesten er dødsbra ...»

Gabriel Michael Vosgraff Moro, VG

«Å skrive om døden med både innsikt og litterær kløkt lik Uthaug gjer, er ikkje for gud og kvarmann.»

Margunn Vikingstad, Morgenbladet

«Maren Uthaugs dykk ned i dette dødsriket er grundig, grotesk og vel verdt å få med seg.»

Inger Bentzrud, Dagbladet

«Forfattaren byr på ei familiesoge av den mest bisarre, morosame, vemmelege, sjokkerande, fargesterke og opplysande sorten [...] For lesarar med sterk mage er det berre å setja hjørnetennene i denne rå romanen»

May Grethe Lerum, Bok365

«[R]esultatet er spennande, ekkelt og tankevekkjande. Ja, og lærerikt. Meir kan ein ikkje krevje.»

Marta Norheim, NRK

«Med kompromisslaus vilje til å konfrontera tabu og energisk stil vil ho garantert vinna eit stort publikum også i Noreg»

Sofie Braut, Stavanger Aftenblad

«Blixen på nattklubb: «Ein lykkeleg slutt» er internasjonal forteljekunst av beste merke [...] Maren Uthaug har skrive ein fabelaktig slektsroman med døden som knagg . Du har garantert ikkje lese noko liknande.»

Rolv Nøtvik Jakobsen, Vårt Land

«'Ein lykkeleg slutt' [er] et solid skrevet stykke underholdningsroman»

Even Teistung, Klassekampen

«ei original og makabert morosam slektskrønike [...] skriven med godt driv og tett mellom spaningstoppane [...] eit slags barokt eventyr for vaksne [...] ei særs underhaldande bok.»

Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen

«Et frodig fortellertalent slår til igjen.»

Ole Jacob Hoel, Adresseavisen

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Ein lykkeleg slutt:

Etterliv

Abdulrazak Gurnah
Innbundet 
349,- 399,-
 

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv