Min side Kundeservice Vår historie Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Edda-dikt

band 1 : Voluspå & Håvamål

«Knut Ødegårds gjendiktninger av Voluspá og Håvamål er en etterlengtet begivenhet og en sann fryd å lese. Dette er norrøn visdoms -og visjonskunst, språklig modernisert for vår samtid.»

Arne Hugo Stølan, VG
EDDADIKTA er eit høgdepunkt i den førkristne nordiske litteraturen: Her finn vi både stor diktekunst og nære møte med vikingtidas verdsbilete, gudelære og livsvisdom.

Vi veit ikkje kvar eller når eddadikta vart til, heller ikkje kven diktarane var. Dei eldste kan ha røter attende til folkevandringstida, medan dei yngste truleg vart til etter landnåmet på Island. Landnåmsmennene kan ha teke med seg dei eldste av dikta slik dei vart overlevert munnleg frå generasjon til generasjon - inntil islendingar skreiv dei ned på 1200-talet. Les mer
249,-
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp
EDDADIKTA er eit høgdepunkt i den førkristne nordiske litteraturen: Her finn vi både stor diktekunst og nære møte med vikingtidas verdsbilete, gudelære og livsvisdom.

Vi veit ikkje kvar eller når eddadikta vart til, heller ikkje kven diktarane var. Dei eldste kan ha røter attende til folkevandringstida, medan dei yngste truleg vart til etter landnåmet på Island. Landnåmsmennene kan ha teke med seg dei eldste av dikta slik dei vart overlevert munnleg frå generasjon til generasjon - inntil islendingar skreiv dei ned på 1200-talet.

Forfattar og statsstipendiat KNUT ØDEGÅRD gjendiktar samtlege eddadikt i tre band som òg inneheld fyldige forklaringar til dikta. I dette første finn vi Voluspå og Håvamål. Han har før m.a. gjeve ut kritikarroste gjendiktingar av islandske mellomalderkvad som "Lilja" og "Geisli". Som lyrikar er han omsettt til 30 språk.

VOLUSPÅ er den synske volvas visjonar av verdssoga, frå skapinga til verdas undergang - men med eit syn om ei ny og harmonisk verd.

HÅVAMÅL er Odins tale: Her gjev han råd om mellommenneskeleg samkvem og høvisk framferd, men òg innsyn i den heidne tids mystikk, runekunst og trolldomsdikt.

Vigdís Finnbogadóttir siterte ofte frå eddadikta i talane ho heldt som verdas første kvinnelege president: I forordet kjem ho m.a. inn på kvinnas plass både i gudeverda og som kulturformidlar i det førkristne samfunnet: Volva er den som ser og veit, og som åtvarar mot kaos og øydelegging av alt liv.

Detaljer

Forlag
Cappelen Damm
Språk
Nynorsk Gammelnorsk Flerspråklig
ISBN
9788202424671
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2015
Originaltittel
Edda-dikt
Serie
Edda-dikt 1
Format
Vannmerket EPUB

Anmeldelser

«Knut Ødegårds gjendiktninger av Voluspá og Håvamål er en etterlengtet begivenhet og en sann fryd å lese. Dette er norrøn visdoms -og visjonskunst, språklig modernisert for vår samtid.»

Arne Hugo Stølan, VG

«Tidlegare president i Island, Vigdís Finnbogadóttir, har skrive eit fint føreord; og attdiktar Knut Ødegård har eit informativ etterord og notar der han drøftar ulike tolkingsalternativ og elles gjev naudsynte opplysningar for å letta forståinga. Ødegård har også hatt tilgang til den nyaste, til dels enno upubliserte forskinga på feltet; og hans tolkingsval verkar vel underbygde, medvitne og filologisk etterrettelege.»

Eirik Lodén, Stavanger Aftenblad

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Edda-dikt:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Fnugg

Tor Åge Bringsværd
E-bok 
399,-
 

Rase

Jon Røyne Kyllingstad
E-bok 
249,-
 

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv