Den vesle pianisten
«Stilsikre novellar om språk, ord og liv. Lars Amund Vaage har ei særmerkt men sterk stemme i norsk litteratur, også denne gongen.»
Emil Otto Syvertsen, Fædrelandsvennen
"Nokre få gonger i livet drøymde Sigurd at han kunne spela piano. Spela kunne han i vaken tilstand også, og betre enn mange andre, det var ikkje det, men i draumen vart spelet hans forløyst. Tonane trilla ut av han, fall, rasa, eller dei song i han, slik at han gløymde kven han var, eller tykte han blei ein annan. Les mer
I dei åtte novellene i "Den vesle pianisten" finst gutungar, ungdomar og vaksne menn som leitar etter eit eige språk, borte frå heimen og bygda, i skrifta eller musikken. Dei lengtar etter ord som kan forløysa noko i dei, ord som kan forbinde dei til andre menneske, ord som kanskje ikkje finst. Reiser dei ut, er dei framande; vender dei heim, er det ikkje nokon heim å finna.
Lars Amund Vaage opnar opp eit stort rom for karakterane sine. I ein både stringent og sølvklår, rytmisk og lyttande prosa skriv Lars Amund Vaage om ambivalensen i menneskelege relasjonar, om sorga over språkløysa og om det plutselege svevet i ein vellukka komposisjon.
Detaljer
- Forlag
- Oktober
- Innbinding
- Innbundet
- Språk
- Norsk Nynorsk
- Sider
- 222
- ISBN
- 9788249518005
- Utgave
- 1. utg.
- Utgivelsesår
- 2017
- Format
- 21 x 14 cm
Les utdrag
Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag herAnmeldelser
«Stilsikre novellar om språk, ord og liv. Lars Amund Vaage har ei særmerkt men sterk stemme i norsk litteratur, også denne gongen.»
Emil Otto Syvertsen, Fædrelandsvennen
«Ordmusikk og tonespråk fra Vaage.»
Sigmund Jensen, Stavanger Aftenblad
«Finslipt novellekunst fra Lars Amund Vaage.»
Turid Larsen, Dagsavisen
«Lars Amund Vaage er varhetens mester i norsk litteratur.»
Odd W. Surén, Vagant
«Vaages nye noveller spiller på kjente toner i grenselandet mellom språk, musikk og språkløshet ...»
Tom Egil Hverven, Klassekampen