Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Kjærleik og det som liknar

noveller

I Kjærleik og det som liknar tek Therese Tungen for seg kjærleik og begjær: Ein fersk student blir dregen inn i eit forhold til ein eldre mann; eit par dreg til Grand Canyon og ei kløft opnar seg i forholdet deira; ei ung kvinne blir etterlatt av sambuaren og kjøper ei bjørnedrakt; ein filmskapar ser ekskjærasten sin på gata, og gjennomlever fortida på to minutt; ei ung jente forsvinn ut i natta i ein ferieby, mens mora og bestemora prøver å finne henne igjen. Les mer

99,-

169,- Spar: 70,-

Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp
I Kjærleik og det som liknar tek Therese Tungen for seg kjærleik og begjær: Ein fersk student blir dregen inn i eit forhold til ein eldre mann; eit par dreg til Grand Canyon og ei kløft opnar seg i forholdet deira; ei ung kvinne blir etterlatt av sambuaren og kjøper ei bjørnedrakt; ein filmskapar ser ekskjærasten sin på gata, og gjennomlever fortida på to minutt; ei ung jente forsvinn ut i natta i ein ferieby, mens mora og bestemora prøver å finne henne igjen.

Kor mykje av kjærleiken styrast av våre eigne valg, og kor mykje er slump eller omstende? Nokre gonger møtest folk på feil tidspunkt, andre gonger oppdagar to menneske at kjærleik er ulike ting for kvar av dei. I Kjærleik og det som liknar utforskar Tungen eldgamle tema som fornuft og kjensler, tid og lagnad. Samtidig framstår historiene som høgaktuelle i ei tid der premissa for kurtise og samliv er i endring.

«Therese Tungen høstet lovord for sin første novellesamling. Med Kjærleik og det som liknar befester hun sin posisjon.» Turid Barth Pettersen, Vårt Land

«Therese Tungens noveller er lange og langsame, men held på nerven tvers gjennom. Novellene har klassiske kvalitetar, med konkrete situasjonar som opnar for innsikt i mellommenneskelege eller eksistensielle forhold. ... Tungen skriv svært stødig og sjølvsikkert, med tiltru til eigne evner og eit uredd forhold til tradisjonen. Det er eit finstemt nærvær og eit bevegande alvor i Tungens noveller. Dei er nære, men ikkje klamme, og stilsikre utan å bli glatte. ... Therese Tungen må ha late seg påvirke av Alice Munro.» Eivind Myklebust, Klassekampen

«Therese Tungen tek nok eit steg opp frå ei god debutsamling.» Vidar Kvalshaug, Bok365 (Terningkast 5)

«Therese Tungen har igjen levert en godt gjennomført novellesamling som engasjerer og berører.» Sigmund Jensen, Stavanger Aftenblad (Terningkast 5)

«Therese Tungen tar tak i alle de mer eller mindre dramatiske øyeblikkene og setter dem sammen til helt fabelaktige noveller. (...) Det er et sjeldent sug i Tungens noveller som drar deg inn i levd liv.» Karoline Henanger, Vinduet

«Allereie frå første avsnitt blei eg dratt inn i handlinga. (...) Historiene er spennande, og ein kan utan vanskar identifisere seg med personane og liva deira. Therese Tungen sin prosa har høg kvalitet. Bak ligg godt arbeid.» Per Ivar Henriksbø, Gudbrandsdølen Dagningen

Detaljer

Forlag
Aschehoug
Språk
Norsk Nynorsk
ISBN
9788203365072
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2019

Lytt til utdrag

Utdraget er hentet fra lydbokbokutgaven

Les utdrag

Åpne utdrag her

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Kjærleik og det som liknar:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv