Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Den store norske siderguiden

Eksperten sine utvalde favorittar.

Visste du at sider er Noregs svar på champagne? Ifølgje utanlandske kjennarar er Noreg eit av dei mest spennande siderlanda i verda akkurat no. I denne boka tek siderekspert Thomas Digervold deg med på eit djupdykk i det flytande gullet. Les mer

349,-

399,- Spar: 50,-

Innbundet
Sendes innen 3 virkedager
Eksperten sine utvalde favorittar.

Visste du at sider er Noregs svar på champagne? Ifølgje utanlandske kjennarar er Noreg eit av dei mest spennande siderlanda i verda akkurat no. I denne boka tek siderekspert Thomas Digervold deg med på eit djupdykk i det flytande gullet. Han har smakt seg gjennom kassevis med sprudlande eplevin for å hjelpe deg å finne dei beste polkjøpa frå norske fruktgardar. Du lærer også korleis du luktar og smakar, og får ein lettlesen snarveg til kjenneteikn på ulike eple, siderkategoriar og siderregionane frå aust til vest. Digervold gir deg dessutan ei grundig innføring i kva for sidertypar som høver til ulike råvarer. Som avslutning serverer han eit knippe eksklusive oppskrifter på mat og drinkar der sideren er sjølve stjerna.

Med denne boka får du ein av Noregs fremste siderkjennarar på heimebesøk. Når du har lese ferdig, har han lært deg korleis du kan bruke kortreiste bobler av internasjonal kvalitet til alt frå fredagstaco og reker, til velkomstdrink og som følgje til fleirretters bryllaupsmiddag. Ja, og kva for sider som eignar seg om du vil drikke litt større mengder, og som du kan vinne heile festen med!

Detaljer

Forlag
Samlaget
Innbinding
Innbundet
Språk
Norsk Nynorsk
Sider
168
ISBN
9788234010705
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2023
Format
26 x 21 cm

Bla i boka

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Den store norske siderguiden:

Godt øl

Robert Smith-Hald
Innbundet 
363,- 399,-
 

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv