Min side Kundeservice Vår historie Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Norsk ordbok. Bd. 12

ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet

Norsk Ordbok dokumenterer kor rikt og livskraftig det norske folkemålet er

Norsk Ordbok gir ei uttømmande framstilling av ordtilfanget i norske dialektar og i nynorsk skriftspråk. For kvart oppslagsord finn ein grammatiske opplysningar om ordet, tydingar, ordhistorie og bruksdøme frå litteratur og dialektar med kjeldetilvising og geografisk utbreiing. Les mer
850,-
Innbundet
Sendes innen 3 virkedager
Norsk Ordbok dokumenterer kor rikt og livskraftig det norske folkemålet er

Norsk Ordbok gir ei uttømmande framstilling av ordtilfanget i norske dialektar og i nynorsk skriftspråk. For kvart oppslagsord finn ein grammatiske opplysningar om ordet, tydingar, ordhistorie og bruksdøme frå litteratur og dialektar med kjeldetilvising og geografisk utbreiing.

Norsk Ordbok har med ordopplysningar om norsk frå ca 1600 til i dag, og byggjer på ordbøkene til Ivar Aasen, Hans Ross og Steinar Schjøtt. I tillegg har ein eit arkiv med om lag 3,2 millionar ordsetlar, mange innsende av frivillige medarbeidarar over heile landet som har sendt inn ord frå sine eigne målføre sidan 1930.

Ordboksverket byggjer også på ei omfattande elektronisk samling nynorsk sakprosa og skjønnlitteratur, SOM inneheld meir enn 100 millionar ord og omfattar tekstar frå Ivar Aasen til Jon Fosse og Aina Basso.

Norsk Ordbok vil liggje føre komplett i 12 band i mars 2016. Kvart band er på 800 sider og omfattar om lag 25 000 oppslagsord. Til saman vil ordboksverket omfatte ca. 300 000 oppslagsord. Med band 12 dekkjer orboksverket no heile alfabetet frå "a" til "åværig".

Norsk Ordbok er utarbeidd av Norsk Ordbok 2014 ved Universitetet i Oslo. Prosjektet er finansiert av universitetet og av Kultur- og kyrkjedepartementet. Noregs forskingsråd gir støtte til trykkinga.

Detaljer

Forlag
Samlaget
Innbinding
Innbundet
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252186987
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2016
Originaltittel
Norsk ordbok. Bd. 12
Format
24 x 17 cm

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Norsk ordbok. Bd. 12:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Edda

Snorre Sturlason
Innbundet 
449,-
 

1984

George Orwell
Paperback 
135,-

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv