Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Dama med hunden

og andre forteljingar

«Usminka folkelivsskildringar og skarp refleksjon skaper stor litteratur. [.] Ei svært god bok, omsett til klårt og godt norsk av Geir Pollen.»

Odd W. Surén, Dag og Tid

Anton Tsjekhov skreiv over 200 noveller, i tillegg til skodespela som han er mest kjend for. I tekstane sine skildrar han kvardagen i den russiske provinsen og dei vanskelege vilkåra mange levde under. Les mer

272,-

299,- Spar: 27,-

Sendes innen 3 virkedager
Anton Tsjekhov skreiv over 200 noveller, i tillegg til skodespela som han er mest kjend for. I tekstane sine skildrar han kvardagen i den russiske provinsen og dei vanskelege vilkåra mange levde under.

Tsjekhov vaks sjølv opp i tronge kår, som eitt av seks søsken i byen Taganrog sørvest i det russiske riket. Etter at familien flflytta til Moskva, måtte den mindreårige guten klare seg sjølv gjennom skulegangen og tene til livets opphald ved å selje lausvarer. Han fekk seinare stipend til eit medisinstudium i Moskva. Frå slutten av 1880-talet blei skrivinga hovudyrket hans, men han la aldri medisinen heilt frå seg.

I utvalet til klassikarserien har vi samla seks noveller, skrivne mellom 1892 og 1899 i tida etter Tsjekhovs lange reise gjennom det svære russiske riket og til fangeøya Sakhalin. Denne reisa danna eit tydeleg skilje mellom den tidlege og seine forfattarskapen hans, og det er her realismen verkeleg trer fram i Tsjekhovs tekstar. I nokre år budde han på garden Melikhovo i Lopasnja (i dag Tsjekhov), 80 km sør for Moskva. Der praktiserte han legeyrket i hovudsak på dugnad. Motiv frå denne tida finn vi til dømes att i ei av hans mest kjende noveller, 6.avdeling. Den svarte munken og Bønder vart også til på den tida.

Eit tuberkulose-utbrot i 1897 tvang Tsjekhov til å flytte til varmare strøk, og han busette seg på Krim-halvøya. Rundt denne tida vart han kjent med skodespelaren Olga Knipper som han gifta seg med i 1901. Dette innebar også ei ny vending i forfattarskapen. I huset i Jalta skreiv han den kanskje mest kjende av sine noveller Dama med hunden.

Tsjekhovs prosa kan i dag lesast som ein presis dokumentasjon av det russiske samfunnet på slutten av 1800-talet, og fleire av tekstane hans har blitt filmatiserte.

Boka kjem ut i serien SKALDs klassikarar - ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Detaljer

Forlag
Skald
Innbinding
Innbundet
Språk
Nynorsk
Sider
293
ISBN
9788279593027
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2020
Originaltittel
Dama s sobačkoj
Format
19 x 13 cm
Priser
Bastianprisen. Voksen 2021
Serie
Skalds klassikarar

Les utdrag

Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag her

Bla i boka

Anmeldelser

«Usminka folkelivsskildringar og skarp refleksjon skaper stor litteratur. [.] Ei svært god bok, omsett til klårt og godt norsk av Geir Pollen.»

Odd W. Surén, Dag og Tid

«Når dette er blitt en så gripende og rik leseopplevelse på norsk . nynorsk! . er det fordi oversettelsen både er så frodig og ikke kommer i veien for innlevelsen, men på alle måter åpner for den. Menneskeskildringer, replikker, ordvalg, filosofiske resonnementer, om aldri så kompliserte, virker alt sammen helt naturlig.»

Bastianprisen 2021, Norsk oversetterforening

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Dama med hunden:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Skogen

Anne Sverdrup-Thygeson
Innbundet 
375,- 429,-

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv