Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Framom døden

«Romanen er medrivande grufull og morosam. [.] Skildringane er så taktile og handgripelege, sjølv når dei sporar ut i det metafysiske eller uforståelege.»

Eivind Myklebust, Klassekampen Bokmagasinet

"Framom døden" skildrar ei dødsreise. Vi møter familien Bundren medan mor Addie ligg for døden, og følgjer dei gjennom eld og vatn på den lange ferda for å jordfeste liket. Først etter ti pinefulle dagar får dei endeleg lagt henne til kvile. Les mer

254,-

279,- Spar: 25,-

Sendes innen 3 virkedager
"Framom døden" skildrar ei dødsreise. Vi møter familien Bundren medan mor Addie ligg for døden, og følgjer dei gjennom eld og vatn på den lange ferda for å jordfeste liket. Først etter ti pinefulle dagar får dei endeleg lagt henne til kvile. I møte med bibelske prøvingar trer personane fram med alle sine lyter og egosentriske motiv.

Forteljinga ovrar seg gjennom eit vell av ulike stemmer, og vi kjem tett på det grunnleggjande menneskelege. Faulkner plukkar frå kvarandre den tilsynelatande velordna verda i dei nordamerikanske sørstatane og syner fram uhyggelege skuggesider.

Faulkner skreiv romanen i løpet av nokre få veker i byrjinga av 1930-åra. Då var forfattaren inne i ein svært skapande periode, der han med hell freista nye stilleie og nye vegar innan modernismen. Bøkene er prega av medvitsstraum hos karakterane (stream of consciousness), skiftande perspektiv og sterk stilistisk eksperimenteringsvilje.

"Framom døden" er blant dei best kjende verka til Faulkner og er eitt av dei viktigaste verka i det tjuande hundreåret.

SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Detaljer

Forlag
Skald
Innbinding
Innbundet
Språk
Norsk Nynorsk
Sider
257
ISBN
9788279593331
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2021
Originaltittel
As I lay dying
Format
19 x 13 cm
Serie
Skalds klassikarar

Bla i boka

Anmeldelser

«Romanen er medrivande grufull og morosam. [.] Skildringane er så taktile og handgripelege, sjølv når dei sporar ut i det metafysiske eller uforståelege.»

Eivind Myklebust, Klassekampen Bokmagasinet

«Sivert N. Nesbø har omsett romanen til framifrå nynorsk. Ordtilfanget er rikare enn i dei fleste samtidsromanar i dag, og språket gir både valør til dei ulike forteljarstemmene og kontinuitet til forteljinga.»

Alf Kjetil Walgermo, Vårt land

«Det er på ein måte mellom orda hendingane ovrar seg. Likevel er det språket som gjer denne dødsreisa mest skakande, ikkje minst i den glitrande omsetjinga av Sivert N. Nesbø. Det rike vokabularet hans får fram dei finaste nyansane i teksten og lyfter hendingane opp til det tidslause.»

Odd W. Surén, Dag og tid

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Framom døden:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Jordet

Robert Seethaler
Innbundet 
345,- 379,-
 

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv