Historia om det tapte barnet

moden alder - alderdom : roman

; Kristin Sørsdal (Oversetter)

Serie: Napoli-kvartetten 4

Ei kraftfull avslutning på historia om eit livslangt vennskap

Dette er den fengslande historia om to kvinner, den briljante, boklærde Elena og den lidenskapelege, ubereknelege Lila. Begge slost ein gong for å komme seg vekk frå strøket der dei voks opp - eit nabolag prega av vald og ufridom. Les mer
Vår pris: 169,-

(Paperback)
Leveringstid: Sendes innen 3 virkedager

Om boka

Ei kraftfull avslutning på historia om eit livslangt vennskap

Dette er den fengslande historia om to kvinner, den briljante, boklærde Elena og den lidenskapelege, ubereknelege Lila. Begge slost ein gong for å komme seg vekk frå strøket der dei voks opp - eit nabolag prega av vald og ufridom.

Elena har gifta seg, flytta til Firenze, stifta familie og gitt ut fleire kritikarroste bøker. Men no har ho komme tilbake til Napoli for å vere saman med mannen ho alltid har elska. Lila, derimot, har aldri lykkast med å frigjere seg frå Napoli. Ho har blitt ein suksessrik bedriftseigar, men nærkontakten med den verda ho alltid har teke avstand frå, set henne på prøve. Men Lila er ustoppeleg, uregjerleg, uforgløymeleg!

Med Napoli som bakteppe, ein by like forførande som han er farleg, i ei verd i dramatisk endring, er historia om eit livslangt vennskap fortald djupt ærleg og med ein briljans som saknar sidestykke.

Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.

Fakta