Valskyldskapane
Johann Wolfgang von Goethe ; Oskar Vistdal (Oversetter)
- Vår pris
- 289,-
(E-bok)
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp
Min side |
Bokkilden-app | Kindle
(E-bok)
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp
Min side |
Bokkilden-app | Kindle
Blant alle dei berømte verka sine såg Goethe sjølv på Valskyldskapane som det mest vellykka. Med denne romanen skreiv den elles så positivt innstilte bestseljarforfattaren sin einaste eigentlege tragedie. Han brukte element frå den greske tragedien, kombinert med element frå romantikken, som han sjølv var ein uttalt motstandar av, og enkelte har lese verket som ein parodi på denne epoken.
Johann Wolfgang von Goethe (1779-1832) er utan tvil den viktigaste forfattaren i tysk litteratur gjennom tidene, og han var ein sentral figur i den europeiske romantikken på 1700- og 1800-talet. Goethe var banebrytande i si tid, og han var ein frontfigur i den tyske litteraturepoken «Sturm und Drang» som var ein motstraum mot den franske klassisismen, tradisjonalismen og den dominerande rokokkostilen. Saman med Friedrich Schiller utvikla Goethe diktinga si i ei meir avklart og historisk orientert retning, og danna grunnlaget for det som seinare vart omtalt som Weimarer Klassik (weimarklassisismen).