Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Eigedomsrett

om retten til fysiske og immaterielle verdiar

Dei materielle og immaterielle verdiane i samfunnet er fordelte gjennom eit komplekst system av rettar, frå tilnærma fri tilgang for alle, til klart avgrensa individuelle rettar. Utforminga av desse rettane er avgjerande for effektiv ressursutnytting, økonomisk, sosial og kulturell utvikling og for forvalting av naturmiljøet. Les mer

799,-
Paperback
Kommer 17.12.2024
Dei materielle og immaterielle verdiane i samfunnet er fordelte gjennom eit komplekst system av rettar, frå tilnærma fri tilgang for alle, til klart avgrensa individuelle rettar. Utforminga av desse rettane er avgjerande for effektiv ressursutnytting, økonomisk, sosial og kulturell utvikling og for forvalting av naturmiljøet.
Boka drøftar utvikling av eigedomsrettsomgrepet og den raske utviklinga i eigedomsretten si samfunnsmessige rolle i vår tid under påverknad frå teknologisk utvikling, klima- og miljøutfordringa, globalisering og dematerialisering av eigedomsobjekta. Boka drøftar grunnleggjande eigedomsspørsmål i høve til dei komplekse og samansette verdiane i eit moderne samfunn og innhaldet i ulike individuelle og kollektive rettar til sentrale verdiar. Boka legg vekt på prinsipielle og metodiske utfordringar, men inneheld også grundige drøftingar av praktisk viktige rettar.
Ernst Nordtveit er professor i rettsvitskap ved Det juridiske fakultet i Bergen, der han har arbeidd med mellom anna tingsrett, energirett og miljørett. Han har undervist i tingsrett og energirett og publisert artiklar og bokkapittel om ulike tingsrettslege emne. Han var sekretær for Sivillovbokutvalet ved utarbeiding av fleire lover, og har vore medlem av og leia lovutval om eigedomsrettslege emne.

Detaljer

Forlag
Fagbokforlaget
Innbinding
Paperback
Språk
Norsk Nynorsk
ISBN
9788245039290
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2024

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Eigedomsrett:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv