Blodspora frå Dagaliveien
«[...] er ytterst medrivende, helt uten å gå i «true crime»-klisjéfellene. Prosaen er korthuggen og journalistisk, poengtert og effektiv.»
Morten Ståle Nilsen, BOK365
11. oktober 2023 er det tretti år sidan forleggjaren William Nygaard blei skoten utanfor heimen sin i Dagaliveien i Oslo, attentatet blei kopla til fatwaen mot Salman Rushdie. Framleis er saka uløyst. I denne boka nøstar gravejournalisten Odd Isungset opp dei lause trådane i ei dramatisk krimforteljing som handlar om svakt politiarbeid, politisk feigskap og manglande journalistisk interesse for ei av dei viktigaste ytringsfridomssakene i vår tid. Les mer
11. oktober 2023 er det tretti år sidan forleggjaren William Nygaard blei skoten utanfor heimen sin i Dagaliveien i Oslo, attentatet blei kopla til fatwaen mot Salman Rushdie. Framleis er saka uløyst. I denne boka nøstar gravejournalisten Odd Isungset opp dei lause trådane i ei dramatisk krimforteljing som handlar om svakt politiarbeid, politisk feigskap og manglande journalistisk interesse for ei av dei viktigaste ytringsfridomssakene i vår tid.
Kva er grunnen til at denne saka enda ikkje er oppklart? Kva skjedde då ein mistenkt vart arrestert og brått lauslaten? Kvifor fekk ikkje eingong Nygaard vite at saka blei henlagd i det stille i 2007? I 2018 blei to menn sikta for å ha forsøkt å ta livet av William Nygaard. Kvifor greier ikkje norsk politi å løyse saka? Er det frykta for å legge seg ut med Iran som gjer at denne kriminalsaka framleis ikkje har fått ei løysing?
Blodspora frå Dagaliveien fører heilt fram til i dag, i august 2022 blei Salman Rushdie knivstukken under eit arrangement i USA.
Detaljer
- Forlag
- Samlaget
- Innbinding
- Innbundet
- Språk
- Nynorsk
- Sider
- 395
- ISBN
- 9788234012242
- Utgave
- 1. utg.
- Utgivelsesår
- 2023
- Originaltittel
- Blodspora frå Dagaliveien
- Format
- 23 x 16 cm
Lytt til utdrag
Utdraget er hentet fra lydbokbokutgaven
Les utdrag
Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag herBla i boka
Anmeldelser
«[...] er ytterst medrivende, helt uten å gå i «true crime»-klisjéfellene. Prosaen er korthuggen og journalistisk, poengtert og effektiv.»
Morten Ståle Nilsen, BOK365
«Vanvittig spennende om «den største politiskandalen etter krigen»
Kjetil Korslund, Subjekt
«Isungset gir ei imponerande og heilskapleg framstilling av historia heilt frå fatwaen blei framsett [.] Dette er ei lærebok i godt journalistisk arbeid frå ein mann som har vore grenselaust uthaldande i nærare 30 år. Det fortener respekt.»
Einar Haakaas, Dag og Tid
«[...] utgjør det sterkeste dokumentet over en av vår tids sentrale saker i skjæringspunktet mellom ytringsfrihet, religion, rettsfrihet og storpolitikk. Nye funn samt nytt blikk på arkiver, pressedekning og sakspapirer bidrar til at Isungset skaper en kriminalkrønike som strekker seg over 30 år [.] I detaljrikdom og merkverdigheter slår dette det meste av det som skrives av fiksjonskrim.»
Mode Steinkjer, Dagsavisen