Sprut - Åsmund Husabø Eikenes

Sprut

historia om kroppsvæskene våre

Bli med på ei spektakulær reise gjennom blod, sveitte og tårer - og 50 andre kroppsvæsker. Biolog og forskingsformidlar Åsmund Husabø Eikenes fortel entusiastisk om donering av beinmerg til forsking og spyttar i eit plastrøyr for å leite etter spor av neandertalarane. Les mer
Vår pris
249,-

(E-bok)
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp
Min side | Bokkilden-app | Kindle

E-bok
Legg i
E-bok
Legg i
Vår pris: 249,-

(E-bok)
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp
Min side | Bokkilden-app | Kindle

Bli med på ei spektakulær reise gjennom blod, sveitte og tårer - og 50 andre kroppsvæsker. Biolog og forskingsformidlar Åsmund Husabø Eikenes fortel entusiastisk om donering av beinmerg til forsking og spyttar i eit plastrøyr for å leite etter spor av neandertalarane. Gjennom gode historier og lettlesen folkeopplysing får du eit nytt syn på kroppsvæskene dine. I Sprut møter du mellom andre ein hjerneforskar, ein urolog og ein kokk. Dei deler historier og eigne erfaringar, som saman med det siste frå forskingsverda gir deg oppsiktsvekkjande, ny kunnskap om kroppsvæskene: Vatnet i hjernen vaskar bort søppel medan du søv. Slimet i livmorhalsen hjelper friske sædceller å nå fram til egget. ørsmå dropar av snørr kan sveve i lufta i heile ti minutt etter eit kraftig nys. Blodet til unge personar inneheld kanskje ei kjelde til evig liv. Bli med på ein lesefest med sprut!
FAKTA
Utgitt:
Forlag: Samlaget
Språk: Norsk Nynorsk
ISBN: 9788252195583
Utgave: 1. utg.
Format: EPUB
Filstr: 1.0 MB
Vannmerket
KATEGORIER:

Bla i alle kategorier

VURDERING
Gi vurdering
Les vurderinger