Ingenstad
«Ingenstad er både morsom, informativ og tankevekkende. Mest av alt er det en forfriskende kontrast til verdenspressens tilsynelatende evige jakt på tragedier.»
Runar Larsen, Magasinet Reiselyst
Når Garfors er på reise, er det nyfikenheita som driv han. Hans unike og opne vesen kan minne om måten barn møter verda på. I "Ingenstad" har han vevd opplevingane sine saman til ei lett og ledig bok. Lesaren vert teke med på ei personleg ferd og kjem tett på menneska forfattaren har møtt i land som Afghanistan, Turkmenistan, Nauru, Mauritania og Komorane. Nokre av dei har du knapt høyrt om, andre gir neppe andre assosiasjonar enn krig, terror og elende. I "Ingenstad" møter du mellom anna ein særs imøtekomande statsminister, verdas beste sjokolademakar og ein mangobonde frå Jemen - landet som ein gong hadde fleire hundre tusen turistar i året.
I ei tid der fleire vel vekk turisttunge reisemål og heller søkjer genuine inntrykk i møtet med menneske frå kulturar som skil seg frå vår eigen, vil Garfors inspirere, men også gi deg høve til å oppleve område du neppe vågar å reise til. Kanskje vil ei breiare forståing av andre nasjonar, trusretningar og verdsopfatningar gjere noko med deg som lesar og korleis du ser på verda. Kanskje ville vår klode kunne bli ein betre og vakrare stad om fleire reiste utanfor eigne komfortsoner og snakka med dei som bur der. "Ingenstad" tek deg med til nokre av dei mest fasinerande stadene i verda.
Detaljer
- Forlag
- Skald
- Innbinding
- Innbundet
- Språk
- Nynorsk
- Sider
- 415
- ISBN
- 9788279592907
- Utgave
- 1. utg.
- Utgivelsesår
- 2019
- Originaltittel
- Ingenstad
- Format
- 24 x 18 cm
Bla i boka
Anmeldelser
«Ingenstad er både morsom, informativ og tankevekkende. Mest av alt er det en forfriskende kontrast til verdenspressens tilsynelatende evige jakt på tragedier.»
Runar Larsen, Magasinet Reiselyst
«Her er mykje fascinerande stoff. Dette må vera ein mann med meir enn normal mengde med mot.»
Paul Odland, Dagen
«Denne boka kan vere med og gje lesaren ei breiare forståing av andre kulturar, trusretningar og verdsoppfatningar og gjere noko med korleis ein ser på verda. Liv Astrid Skåre Langnes, framtida.no»
Liv Astrid Skåre Langnes, framtida.no