Min side Kundeservice Vår historie Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Kinesisk religion og religiøsitet

Kinesisk religion og religiøsitet pregar i dag i betydeleg grad førestillingsverda, livssynsperspektiva og den religiøse og etiske praksisen til over ein milliard menneske.

Denne boka er ei innføring i den historiske utviklinga av konfutsianismen, daoismen og buddhismen i kinesisk samanheng. Kinesarane omtaler gjerne desse tre religionane som "dei tre læreretningane". Den historiske utviklinga til den kinesiske folkereligiøsiteten er også introdusert. Denne er eldre enn dei tre læreretningane og er i likskap med desse framleis levande truspraksis. Les mer
369,-
Paperback
Utsolgt
Kinesisk religion og religiøsitet pregar i dag i betydeleg grad førestillingsverda, livssynsperspektiva og den religiøse og etiske praksisen til over ein milliard menneske.

Denne boka er ei innføring i den historiske utviklinga av konfutsianismen, daoismen og buddhismen i kinesisk samanheng. Kinesarane omtaler gjerne desse tre religionane som "dei tre læreretningane". Den historiske utviklinga til den kinesiske folkereligiøsiteten er også introdusert. Denne er eldre enn dei tre læreretningane og er i likskap med desse framleis levande truspraksis.

Konfutsianismen reknar Kong Fuzi (Konfutsius) som sin viktigaste læremeister. Daoismen er bygd på læra til vismannen Laozi. Buddhismen var i utgangspunktet ein framand religion i Kina, innførd frå Buddha sitt heimland, India. Boka tek føre seg kinesisk religion og religiøsitet i fire fasar:

- Den eldste religiøsiteten frå før dei store filosofane stod fram
- dei store filosofane Kong Fuzi og Laozi og kulturskiftet tankane deira førde til
- hundreåra då dei tre læreretningane etablerte seg
- utviklinga innan dei tre læreretningane og den kinesiske folkereligiøsiteten fram til vår tid.

Boka er skriven med tanke på behovet i religions- og kulturstudiar ved universitet og høgskular. Det finst ikkje andre framstillingar av kinesisk religion av dette omfanget på norsk.

Arne Redse (f. 1950) er utdanna teolog og er professor ved Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda. Han underviser også ved Fjellhaug Misjonshøgskole i Oslo. Han var misjonsprest i Hong Kong frå 1983 til 1993 der han mellom anna underviste ved Lutheran Theological Seminary. Han har publisert fleire bøker innan systematisk og praktisk teologi.

Detaljer

Forlag
Tapir akademisk forlag
Innbinding
Paperback
Språk
Nynorsk
Sider
116
ISBN
9788251925952
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2010
Originaltittel
Kinesisk religion og religiøsitet
Format
24 x 17 cm

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Kinesisk religion og religiøsitet:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Islam

Marianne Hafnor Bøe
Paperback 
389,-
 

Skogen

Anne Sverdrup-Thygeson
Innbundet 
449,-

Norge

Reidar Müller
Innbundet 
449,-

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv