Speculum legale - rettsspegelen

ein introduksjon til den norske rettskulturen si historie i eit europeisk perspektiv

Ein lærer gjennom erfaring. Rettshistorie er retten og rettsvitskapen sitt kollektive minne, som gjer det mogeleg for rettssubjekta og for retten sine profesjonelle aktørar å dra vekslar på tidlegare erfaringar. Les mer
Vår pris
649,-

(Paperback) Fri frakt!
Leveringstid: Sendes innen 3 - 10 dager

Paperback
Legg i
Paperback
Legg i
Vår pris: 649,-

(Paperback) Fri frakt!
Leveringstid: Sendes innen 3 - 10 dager

Om boka

Ein lærer gjennom erfaring. Rettshistorie er retten og rettsvitskapen sitt kollektive minne, som gjer det mogeleg for rettssubjekta og for retten sine profesjonelle aktørar å dra vekslar på tidlegare erfaringar. Slik sett er rettshistoria det stødige fundamentet til ein rett som stadig endrar seg på alle nivå. Retten kan samanliknast med eit hav: På overflata finn ein lov- og rettsreglar, på eit mellomnivå finn ein rettslege prinsipp som at avtalar skal haldast, medan ein på havbotnen finn rettslege grunnførestillingar som det autonome individet. Samla sett utgjer desse tre nivåa rettskulturen. Gjennom å gjera rettskultur til objektet for rettshistoria kan ein setja retten inn i ein heilskapleg struktur slik at samanhengen mellom retten som intellektuell aktivitet og handverk, mellom dei store filosofiske ideane og dei konkrete rettsavgjerdene trer klart fram. Intellektuelt gods, som idear og førestillingar, reiser like lett over geografiske avstandar som materielt gods, og nye metodiske grep spreier seg like raskt som tekniske nyvinningar. Det er innanfor rammene av nasjonen at retten får si form gjennom at rettssubjekta skapar sedvane, gjennom at rettspraksis skapar presedens og prejudikat, og gjennom lovgjeving. Dette gjer at retten må forståast innanfor både ein nasjonal og ein internasjonal kontekst. Samla sett siktar Speculum legale - Rettsspegelen mot å vera ei lærebok om den norske rettskulturen si historie i eit europeisk perspektiv ved å presentera rettshistoria som ein spegel som gjer det mogleg å reflektera over retten slik den er i dag, og retten sitt framtidige endringspotensial. Jørn Øyrehagen Sunde (f. 1972) er professor ved Det juridiske fakultet i Bergen og rådgjevar i historiske spørsmål ved Museet Baroniet Rosendal.

Fakta

Innholdsfortegnelse



Del 1: Rettskultur og rettshistorie
1. Ei rettshistorie

2. Rettskultur

3. Rettskulturelle hovudepokar

4. Om den lagdelte retten: Rettsregel, rettsprinsipp og rettsleg fundament

5. Rettskultur som rettshistorisk tema

6. Avsluttande refleksjonar


Del 2: Den norske rettskulturen i sin fyrste fase: Framveksten av ein rettsorden
7. Norsk politisk historie i den tidlege mellomalderen fram til 1260

8. Sigurd Ranessons prosess og trekk ved rettskulturen i den tidlege norske mellomalderen fram til 1260

9. Rettskjelder fram til kong Magnus VI Lagabøtars Lands- og Bylov av 1274-76

10. Ætta som utgangspunkt for konfliktløysing

11. Hemn som konfliktløysingsmiddel

12. Fredsprosjektet i den tidlege mellomalderen

13. Fredeleg konfliktløysing

14. Konfliktløysingsmodellar i den samiske rettskulturen

15. Tinget som konfliktløysande organ

16. Tinget som normskapande organ

17. Framveksten av rettleg ordning og ein europeisk rettsvitskap

18. Resepsjon frå andre rettskulturar

19. "Kongsspegelen" og rettskulturelle trekk ved den norske høg- og seinmellomalderen frå 1260 til 1590

20. Lovgjeving og lovbøker i den europeiske høgmellomalderen

21. Frå rettarbøting til lovgjeving på 1260 og 1270-talet

22. Makt og lovgjeving under kong Magnus VI Lagabøtar

23. Den samiske rettskulturen og den norske rettsordenen

24. Likevektsprinsippet som rettferdsideal

25. Rettsleg differensiering som juridisk teknikk

26. Prinsippet om det rimelege som rettferdsideal

27. Rettskjeldelæra i etter Lands- og Bylova, og etter Las Siete Partidas, "Summa Theologiæ" og "De Moncarchia"

28. Den dømande makt etter Lands- og Bylova

29. Kritikk mot retten i seinmellomalderen

30. Avsluttande refleksjonar om framveksten og etableringa av ein norsk rettsorden i mellomalderen


Del 3: De norske rettskulturen i sin andre fase: Framveksten av eit rettssystem
31. Norsk politisk historie frå 1590 til i dag

32. Trolldomsprosessane og overgangen frå ein rettsorden til eit rettssystem

33. Instansordning og overgangen frå rettsorden til rettssystem

34. Tvungen appell og kongeleg konfirmasjon i alvorlege straffesaker og konsolideringa av rettssystemet

35. Advokaten sin plass i rettssystemet

36. Sorenskrivaren sin plass i rettssystemet

37. Kravet om juridisk embetseksamen for dansknorske dommarar og advokatar

38. Rettsleg profesjonalisering og avprofesjonalisering

39. Naturretten i den europeiske rettskulturen

40. Naturretten som ein del av den dansknorske rettskulturen

41. Sekularisering av retten frå naturrettsepoken

42. Humanisering av strafferetten frå naturrettsepoken

43. Sosiale konvensjonar, sosial lovgjeving, juss og politikk

44. Naturretten og menneskerettane

45. Dansknorske naturrettsbaserte rettskjeldelærer på 1700-talet

46. Norske sedvanebaserte rettskjeldelærer på 1800- og 1900-talet

47. Norsk rettsrealisme etter 1971

48. Den deduktive metoden som den nye juridiske metoden

49. Den deduktive metoden og den systematiske lovgjevingsteknikken

50. Det forutbereknelege som rettferdsideal

51. Om inspirasjonsgrunnlaget for endringar i den norske retten og rettskulturen etter 1590

52. Den samiske rettskulturen ved sida av den norske

53. Reaksjonen på utviklinga av eit rettssystem

54. Avsluttande refleksjonar om framveksten og etableringa av eit norsk rettssystem i ny tid

Sluttnotar

Kjelder og litteratur