Syn og segn. Hefte 3-2019

tidsskrift for kultur, samfunn & politikk

Islands president, landbruk, massevald og ei tjueårskrise.

I den nye utgåva av Syn og Segn er det ein stor samtale med Islands president, Gu.ni Jóhannesson, temaartiklar om norsk landbruk, tekstar om ungdomskriminalitet, om Alta-saka 40 år etter, om norsk - eit sjeldsynt språk, og mykje, mykje meir. Les mer
Vår pris
129,-

(Paperback)
Leveringstid: Sendes innen 3 virkedager

Vår pris: 129,-

(Paperback)
Leveringstid: Sendes innen 3 virkedager

Om boka

Islands president, landbruk, massevald og ei tjueårskrise.

I den nye utgåva av Syn og Segn er det ein stor samtale med Islands president, Gu.ni Jóhannesson, temaartiklar om norsk landbruk, tekstar om ungdomskriminalitet, om Alta-saka 40 år etter, om norsk - eit sjeldsynt språk, og mykje, mykje meir.

BYGGESKIKK: Kasseaktige forretningslokale og planlaus bustadbygging. Den norske tettstaden er i endring. Eller avvikling? spør Knut Aastad Bråten, redaktør i Syn og Segn.

MASSEVALD: Auke i fysisk vald, massevald og lovbrot mot politiet. Slik samanfattar Oslo politidistrikt og Oslo kommune 2018-tala for barne- og ungdomskriminalitet i hovudstaden. Håvard Stamsø-Ellingsen i Røde Kors jobbar ansikt til ansikt med mange av ungdommane andre berre snakkar om.

SAMTALE: «Eg trur ikkje på å påføre dei som må reise, flyskam. Vi kjem til å halde fram med å fly. Eg har ikkje flyskam sjølv, og eg trur ikkje at det hjelper å ha det. Det hjelper ingen om vi får panikk.» Islands president Gu.ni Jóhannesson i eksklusiv samtale med Mette Karlsvik.

TEMA: Korleis skal landbruket og den norske bonden tilpasse seg klimautfordringar og matkrise elles i verda? I 2004 var det 55 000 jordbruksbedrifter i landet. I 2018 var talet 39 000. Dei minste bruka forsvinn. I bygdene er det berre nokre store att. Er vi i ferd med å få eit industrilandbruk i Noreg? Og er det slik vi vil ha det? Torbjørn Tufte, Siri Helle, Sigrid Sørumgård Botheim, Erik Halvorsen, Astrid Brekken og Magni Kristin Moe Westgård skriv om norsk landbruk i endring.

KLIMA: Kan filosofien støtte det globale storsamfunnet på liknande vis, her vi står, midt i ei makelaus klimakrise? Etter å ha lese den siste boka til filosof Arne Johan Vetlesen får eg lyst

til å dra med meg statsministeren ut i skogen for ein samtale med lauvtre, ugler og rådyr, men eg er usikker på om dette vil redde kloden frå ein klimakatastrofe, skriv Monica Bjermeland.

ALTA-SAKA: Kampen mot utbygging av Alta-Kautokeino-vassd

Fakta