Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Båtar med sjel I

78 fiske- og fraktebåtar frå Vestlandet

Det seiest at skal ein skrive lokal kysthistorie, må ein starte med historia om båtane til kystfolket. Kanskje det, for gamle båthistorier fortel om ei tid og eit levesett som berre er nokre ti-år borte, men likevel er så fjernt frå våre dagars overflodssamfunn at ein stundom må lure på om utviklinga har gått litt for fort. Les mer

443,-
Innbundet
Utsolgt
Det seiest at skal ein skrive lokal kysthistorie, må ein starte med historia om båtane til kystfolket. Kanskje det, for gamle båthistorier fortel om ei tid og eit levesett som berre er nokre ti-år borte, men likevel er så fjernt frå våre dagars overflodssamfunn at ein stundom må lure på om utviklinga har gått litt for fort.

Denne boka handlar om 78 slike gamle båtar frå Vestlandet, båtar som forfedrane våre bestemt hevda var mykje meir enn berre eit tomt skal. Båtane var akkurat som mennesket: Dei hadde sjel. Her finn du historier om seglskuter, dampbåtar og motorbåtar, frå «Havsulen», bygd før 1860, til «Frøyabuen» bygd i 1958. Her er fiskebåtar og fraktebåtar, kystbåtar og havgåande båtar, norskbygde og utanlandske. Det båtane har til felles er at alle har høyrt heime på Vestlandet, frå Rogaland til Nordmøre.

«Båtar med sjel I» inneheld:
- omtale av kvar einskild båt og dei som har arbeidd ombord
- skildringar av livet ombord, kvardagsliv og dramatiske hendingar
- grundige faktaopplysningar om kvar båt
- eit eineståande biletmateriale med over 150 gamle foto

Ny og revidert utgåve

Malvin Toft (1934-2010) var fiskarbonde og skribent, fødd, oppvaksen og busett på
Skorpa, ei øy i havgapet vest for Florø. Han var hovudforfattar i seks maritime bøker frå Selja Forlag: tre bøker i serien Båtar med sjel; Havet tok, Sildeeventyret og Krigsseglarar.

Detaljer

Forlag
Selja forlag
Innbinding
Innbundet
Språk
Norsk Nynorsk
Sider
192
ISBN
9788282401159
Utgave
2. utg.
Utgivelsesår
2017
Format
28 x 22 cm
Serie
Båtar med sjel

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Båtar med sjel I:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv