Ferjefolket
«[U]nderhaldande kulturhistorie. (...) Ferjefolk har mykje meir enn sveler å by på i denne boka. (...) Ein litterær tur på utvalde ferjesamband, til skrekk og fornøyelse. (...) Det ferjefolket har å fortelje er lunt gjengjeve av Folgerø, som til liks med bøkene om vestlandsvegane verkar genuint nysgjerrig på kva folk har på hjartet.»
Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende
Den aller første bilferja her i landet heitte «Salhusfærgen». Frå 1919 frakta ferja både folk og bilar over Karmsundet i Rogaland. I dag vert ferjene mange stader bytte ut med bruer og tunellar. Dei siste 50 åra har 111 ferjesamband blitt lagde ned eller flytta her i landet, nær halvparten av dei på Vestlandet. Nostalgikarane blir blanke i auga, andre jublar når dei ser ein nedlagd ferjekai.
Ferjene set sterke kjensler i sving. Og dei er komne for å bli, i alle fall ei stund til. Forteljinga om ferjene utgjer ein viktig del av historia om Noreg, og ikkje minst om dei norske utkantane.
Boka er rikt illustrert med bilete frå ei rekkje ulike kjelder.
Detaljer
- Forlag
- Samlaget
- Innbinding
- Innbundet
- Språk
- Nynorsk
- Sider
- 230
- ISBN
- 9788234013546
- Utgave
- 1. utg.
- Utgivelsesår
- 2024
- Originaltittel
- Ferjefolket
- Format
- 26 x 21 cm
Les utdrag
Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag herBla i boka
Anmeldelser