Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Bestselgere Registrer deg

Naustet

roman

Naustet er spennande som ein kriminalroman, skriven i ein repeterande, sugande stil, enkel og vanskeleg på same tid. I løpet av tre dager utspelar det seg ei trekanthistorie mellom ein eg-person, barndomskameraten Knut og kona til Knut. Les mer

229,-
Sendes innen 3 virkedager
Naustet er spennande som ein kriminalroman, skriven i ein repeterande, sugande stil, enkel og vanskeleg på same tid. I løpet av tre dager utspelar det seg ei trekanthistorie mellom ein eg-person, barndomskameraten Knut og kona til Knut. Det handlar om venskap, kjærleik, sjalusi og død.

Se alle vurderinger

Detaljer

Forlag
Samlaget
Innbinding
Paperback
Språk
Norsk Nynorsk
Sider
126
ISBN
9788252159172
Utgave
4. utg.
Utgivelsesår
2001
Serie
Samlaget roman

Les utdrag

Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag her

Kunders vurdering

C
Christoph Zimmermann – 04.12.2023

– Har lest den fantastisk Roman med stor fornøyelse. Fossens språk er liksom en melodi, noenting meget musikalsk. *****

J
Johannes Kyvik – 06.03.2018

– Eit svært godt døme på korleis form og språk kan løfte eit handlingsfattig innhald til stor litteratur.

v
vandringsmannen – 28.01.2006

– Naustet, som er skriven i den tidlege perioden av Jon Fosse sitt forfattarskap, er ein roman som bryt med den tradisjonelle forteljarmåten og som på denne måten skaper ei vakker men og spennande forteljing om ein mann som ikkje lenger vil gå ut, men som sit på rommet sitt og skriv si historie som forklarar kvifor. Byrjinga av romanen er svært vakker, og språket boka gjennom er i kjent Fosse stil. Det utviklar seg eit drama mellom forteljaren og ein barndomsven, som kjem attende til bygda saman med si kvinne. Jon Fosse skildrar historia gjennom forteljaren på ein vemodig men rørande måte, og han får fram dei psykologiske spenningane som veks fram ettersom sommaren går.
Dette er ei bok som også er ypperleg å lese om ein vil lære meir om forteljarteknikkar, noko som Fosse i denne boka visar at han meistrar sjølv om han bryt med den tradisjonelle. Sjølv om dette er som sagt ei av hans tidlege bøker, er det ei sterk og god bok å lese.

D
Den som er fyllesjuk – 18.12.2005

– Som dei andre bokmeldarane sa, dette er ei bok som du enten elskar eller hater og dette kan ha noko for seg. Personleg har eg ikkje riktig bestemt meg for om eg likar forfattaren. På den eine sida er han djup og original og mørk, men på den andre sida er han også litt monoton og monoman, litt slik at han ønskjer å gi oss det inn med t-skei, samtidig som bøkene hans eigentleg aldri gjentek seg sjølv, eller behandlar lesaren som om denne var dum.
Eg syns nærverande bok er tøff fordi den seier oss om korleis små og viktige ting i livet fortonar seg for gjennomsnittsmenneske, den seier oss om korleis det er å vere trist, og kva som forårsakar dette. Dette syns eg det er viktig å ha ein dle kunnskap om.
Den repeterande stilen til Fosse er både eit pluss og ein minus. Eit pluss fordi den er original og gir skrivinga og personane nytt giv og ei ny side, men den er keisam fordi han bruker den så konsekvent.
Ja, ja, Fosse er Fosse.

Oppdag mer

Bøker som ligner på Naustet:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Juleroser
Ny!

Juleroser

Herborg Kråkevik
Innbundet 
200,- 229,-
 

M

Antonio Scurati
Innbundet 
419,- 479,-
 

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv