Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Naustet

I løpet av nokre sommardagar utspelar det seg eit trekantdrama mellom eg-personen, barndomskameraten Knut'en og kona til Knut'en. Knut'en bur i byen, men er kommen heim til bygda på ferie. Naustet er spennande som ein kriminalroman, skriven i ein repeterande og suggererande stil. Les mer

379,-
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp
I løpet av nokre sommardagar utspelar det seg eit trekantdrama mellom eg-personen, barndomskameraten Knut'en og kona til Knut'en. Knut'en bur i byen, men er kommen heim til bygda på ferie. Naustet er spennande som ein kriminalroman, skriven i ein repeterande og suggererande stil. Det handlar om vennskap, kjærleik, sjalusi og død. Sommardagane får ein brutal ende, uroa hjå eg-personen blir ikkje til å halde ut, og han bestemmer seg for å skrive ein roman.

Naustet kom første gong ut i 1989 og var eit gjennombrot for Jon Fosse. Opningsreplikken i romanen har vorte ein klassikar.
«Eg går ikkje ut lenger, ei uro er kommen over meg, og eg går ikkje ut.»


«Nobelpriset i litteratur år 2023 tilldelas den norska författaren Jon Fosse, 'för hans nyskapande dramatik och prosa som ger röst åt det osägbara'.»
Frå grunngjevinga til Svenska Akademien.

«Det finns en djup värme och naiv blottställdhet i hans avskalade bilder av mänsklig erfarenhet.»
Anders Olsson, leiar i Nobelkomiteen i Svenska Akademien.

Om Naustet:

«Han viderefører arven fra Vesaas.»
Simen Skjønsberg, Dagbladet

«Allerede i denne tidlige roman, som er blevet en norsk nyklassiker, havde han udviklet det lavmælte til perfektion.»
Klaus Rothstein, Weekendavisen

«Psykodrama»
Tove Valmot, VG

Medlemsvurdering:
Har lest den fantastisk Roman med stor fornøyelse. Fossens språk er liksom en melodi, noenting meget musikalsk. *****

Christoph Zimmermann

Se alle vurderinger

Detaljer

Forlag
Samlaget
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234009280
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2022

Les utdrag

Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag her

Kunders vurdering

C
Christoph Zimmermann – 04.12.2023

– Har lest den fantastisk Roman med stor fornøyelse. Fossens språk er liksom en melodi, noenting meget musikalsk. *****

J
Johannes Kyvik – 06.03.2018

– Eit svært godt døme på korleis form og språk kan løfte eit handlingsfattig innhald til stor litteratur.

v
vandringsmannen – 28.01.2006

– Naustet, som er skriven i den tidlege perioden av Jon Fosse sitt forfattarskap, er ein roman som bryt med den tradisjonelle forteljarmåten og som på denne måten skaper ei vakker men og spennande forteljing om ein mann som ikkje lenger vil gå ut, men som sit på rommet sitt og skriv si historie som forklarar kvifor. Byrjinga av romanen er svært vakker, og språket boka gjennom er i kjent Fosse stil. Det utviklar seg eit drama mellom forteljaren og ein barndomsven, som kjem attende til bygda saman med si kvinne. Jon Fosse skildrar historia gjennom forteljaren på ein vemodig men rørande måte, og han får fram dei psykologiske spenningane som veks fram ettersom sommaren går.
Dette er ei bok som også er ypperleg å lese om ein vil lære meir om forteljarteknikkar, noko som Fosse i denne boka visar at han meistrar sjølv om han bryt med den tradisjonelle. Sjølv om dette er som sagt ei av hans tidlege bøker, er det ei sterk og god bok å lese.

D
Den som er fyllesjuk – 18.12.2005

– Som dei andre bokmeldarane sa, dette er ei bok som du enten elskar eller hater og dette kan ha noko for seg. Personleg har eg ikkje riktig bestemt meg for om eg likar forfattaren. På den eine sida er han djup og original og mørk, men på den andre sida er han også litt monoton og monoman, litt slik at han ønskjer å gi oss det inn med t-skei, samtidig som bøkene hans eigentleg aldri gjentek seg sjølv, eller behandlar lesaren som om denne var dum.
Eg syns nærverande bok er tøff fordi den seier oss om korleis små og viktige ting i livet fortonar seg for gjennomsnittsmenneske, den seier oss om korleis det er å vere trist, og kva som forårsakar dette. Dette syns eg det er viktig å ha ein dle kunnskap om.
Den repeterande stilen til Fosse er både eit pluss og ein minus. Eit pluss fordi den er original og gir skrivinga og personane nytt giv og ei ny side, men den er keisam fordi han bruker den så konsekvent.
Ja, ja, Fosse er Fosse.

Oppdag mer

Bøker som ligner på Naustet:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv