Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Tusen elgar i garasjen

dikt

«Sigmund Løvåsen skriv med full respekt for barnets evne til å forstå kva ordkunst er for noko.»

Sprudlande dikt for barn og vaksne i alle aldrar.

Har du kinesisk jern i blodet? Er det tisset til Jesus du drikk? Er spyfluga glad i spy? Og har du eigentleg Europas største stortå? Dette er nokre av spørsmåla du får eller ikkje får svar på i denne diktsamlinga. Les mer

288,-

329,- Spar: 41,-

Sendes innen 3 virkedager
Sprudlande dikt for barn og vaksne i alle aldrar.

Har du kinesisk jern i blodet? Er det tisset til Jesus du drikk? Er spyfluga glad i spy? Og har du eigentleg Europas største stortå? Dette er nokre av spørsmåla du får eller ikkje får svar på i denne diktsamlinga.

«Tusen elgar i garasjen» tar oss med på ei ferd med ramn og salamander, dinosaurar og flaggermus, rustne traktorar og maur i trusa som
følgjesveinar.

Har du nokon gong ridd på ein daud elg gjennom skogen? Tenkte oss det.

Illustrert av Hilde Hodnefjeld



SANDKASSA

Om sandkassa er noko lite og barnsleg?
Nei, veit du kva. I den kan ein byggje slott, tunellar og store byar.
I den kan ein bake hundre kaker i minuttet.
Katten brukar sandkassa som do, og mauren brukar henne som ferieparadis.
Bygg ein dinosaurpark i sandkassa. Folk kjem frå heile verda for å sjå.
Dei rir på tyrannosaurus rex og diplodocus.
Alt er fryd og gaman heilt til ein meteor kjem frå verdsrommet og utryddar alle.
Frå kjøkenglaset roper mamma at det er middag.

Detaljer

Forlag
Samlaget
Innbinding
Innbundet
Språk
Norsk Nynorsk
Sider
45
ISBN
9788234010156
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2023
Format
24 x 17 cm

Les utdrag

Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag her

Bla i boka

Anmeldelser

«Sigmund Løvåsen skriv med full respekt for barnets evne til å forstå kva ordkunst er for noko.»

«Det som skil denne boka ut frå dusinvara er at alle dikta er gode, poengterte. Du kan lesa dei høgt, eller barnet kan lesa dei sjølv, og det kjennest som om det var ein vits med å lesa kvart av dei. Og så tar forfattaren barnet på alvor.»

Hadle Oftedal Andersen, Klassekampen

«Oppmodinga er klar: Ein skal aldri slutta å undra seg, og ein skal aldri slutta å leika [...] Løvåsen er på barnelesaren si side i denne boka. Ertar han kanskje litt innimellom, men mest av alt freistar han opna fantasien, leikerommet, gjera verda større [...] Løvåsen opnar det kvardagslege fint opp for lesaren og let undringsrommet stå ope lenge etterpå [...] Dikta er leiken i form, innhald og språk. Leiken og undringa er i alt i Tusen elgar i garasjen.»

Karen Frøsland Nystøyl, Periskop

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Tusen elgar i garasjen:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv