Dei døde
«Meistermøte. Ein standard for komande slekter.»
Arild Pedersen, Dag og Tid
James Joyces «Dei døde» (1914) blir sett på som ei av verdas beste noveller. Forteljinga som avslutta samlinga Dubliners inneheld alt som gjer Joyce til ein feira forfattar: eit sanseleg språk, bitande ironi og ei brennande interesse for det indre livet til menneska, med dei stivna konvensjonane som ytre tvangstrøyer. Les mer
Joyce ønskte å gi ei sannferdig framstilling av menneska og det samfunnet dei levde i, og samtida reagerte med sjokk på dei direkte skildringane hans av alkoholisme, urett, seksualitet og generell dårskap. At Joyce ikkje heldt noko tilbake og gav eit uforfalska bilete av menneskenaturen slik han såg den, gjer verket hans friskt og gjenkjenneleg også for dei som les han i dag.
Dette er første gong at ein tekst av James Joyce har blitt gitt ut på nynorsk.
Detaljer
- Forlag
- Skald
- Innbinding
- Paperback
- Språk
- Norsk Nynorsk
- Sider
- 75
- ISBN
- 9788279592556
- Utgave
- 1. utg.
- Utgivelsesår
- 2017
- Originaltittel
- The dead
- Format
- 19 x 13 cm
- Serie
-
Skalds klassikarar
Les utdrag
Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag herBla i boka
Anmeldelser
«Meistermøte. Ein standard for komande slekter.»
Arild Pedersen, Dag og Tid
«Dei døde» er ei novelle som kan fylle lesaren på ny og på ny, utan å bli tømd.
«Dei døde» er ei novelle som kan fylle lesaren på, Bokmagasinet
«Jon Fosse har omsett boka på ein måte som gjer at ein skulle tru boka var skrive på nynorsk.»
Svein Olav Langåker, Framtida.no