Frå Versailles til Valdres

ei drakthistorisk reise

«Ikkje berre ei bunadsbok.»

Draktskikken i Noreg har røter langt attende i tid og vidt utanfor landet sine grenser. I Frå Versailles til Valdres. Ei drakthistorisk reise fortel Magny Karlberg historia om folkedraktene i Valdres i lys av allmenn mote- og drakthistorie og kulturelle og samfunnsmessige endringar frå mellomalderen og fram til 1860-talet. Les mer

Vår pris
454,-
Spar
45,-

Veil. pris: 499,-  (Innbundet) Fri frakt!
Leveringstid: Sendes innen 3 virkedager

Innbundet
Legg i

Er du interessert i historiebøker ?
Bli med i fordelsklubben Vår historie og få fordelspris kr 424,-

Storkunde?
Vi gir kvantumsrabatt! Les mer

Innbundet
Legg i
Vår pris: 454,-
Spar: 45,-

Veil. pris: 499,-  (Innbundet) Fri frakt!
Leveringstid: Sendes innen 3 virkedager

Er du interessert i historiebøker ?
Bli med i fordelsklubben Vår historie og få fordelspris kr 424,-

Storkunde?
Vi gir kvantumsrabatt! Les mer

Om boka

Draktskikken i Noreg har røter langt attende i tid og vidt utanfor landet sine grenser. I Frå Versailles til Valdres. Ei drakthistorisk reise fortel Magny Karlberg historia om folkedraktene i Valdres i lys av allmenn mote- og drakthistorie og kulturelle og samfunnsmessige endringar frå mellomalderen og fram til 1860-talet. Karlberg tar for seg det rike samspelet mellom motedrakt og folkedrakt, impuls og tradisjon. Er dei lokale draktskikkane berre fortolkingar av den europeiske motedrakta eller er dei sjølvstendige kulturelle ytringsformer? Er brodert rosesaum berre ein impuls frå den europeiske rokokkomoten eller også ein folkeleg uttrykksform med lange tradisjonar i gamle norske folkedraktområde? Kva er tradisjon, og kva er impuls?



Boka har Valdres som geografisk utgangspunkt, men endringar og utvikling i den folkelege draktskikken i dette dalføret råkar likt også i andre tradisjonsområde. Slik bidreg ho til utvida forståing av draktskikken i heile Noreg. Boka er rikt illustrert med over 500 fotografi og illustrasjonar av klede og draktdelar, kunstbilete og demonstrasjonar av påkledning.



Frå Versailles til Valdres. Ei drakthistorisk reise er ei etterlengta bok - for allment interesserte og for dei som vil gå djupare inn i drakt- og tekstilhistoria. Praktverket er eit resultat av 40 års forskings- og dokumentasjonsarbeid og er eit viktig bidrag til fornya kunnskap om norsk drakthistorie.





Fakta

Bla i boka

Anmeldelser

«Ikkje berre ei bunadsbok.»

«Boka vil vere svært viktig for både valdrisar og tekstilnerdar.»

, Dag og Tid