Klyngetunet

den norske landsbyen

; Oddleiv Apneseth (Fotograf)

Ved å fortelle om et forholdsvis ukjent levesett som eksisterte siden middelalderen, nyanserer parhestene Røyrane/Apneseth også historien om den norske bonden. (...) 'Klyngetunet' kan godt leses som et kulturpolitisk innspill til bevilgende myndigheter.

, Bergens Tidende Terningkast 5
Dette er historia om den norske landsbyen, eit gløymt fenomen i historia vår. Mange trur bøndene i Noreg alltid har budd på kvart sitt tun, men ein gong i tida, før utskifting og dramatisk modernisering, budde mange nordmenn saman i landsbyliknande fellestun. I desse tuna budde og arbeidde familiar i små hus tett i tett, vegg i vegg, med eit lappeteppe av åkrar kring husklynga. Les mer
Vår pris
454,-
Spar
45,-

Veil. pris: 499,-  (Innbundet) Fri frakt!
Leveringstid: Sendes innen 3 virkedager

Er du interessert i historiebøker ?
Bli med i fordelsklubben Vår historie og få fordelspris kr 424,-

Storkunde?
Vi gir kvantumsrabatt! Les mer

Vår pris: 454,-
Spar: 45,-

Veil. pris: 499,-  (Innbundet) Fri frakt!
Leveringstid: Sendes innen 3 virkedager

Er du interessert i historiebøker ?
Bli med i fordelsklubben Vår historie og få fordelspris kr 424,-

Storkunde?
Vi gir kvantumsrabatt! Les mer

Om boka

Dette er historia om den norske landsbyen, eit gløymt fenomen i historia vår. Mange trur bøndene i Noreg alltid har budd på kvart sitt tun, men ein gong i tida, før utskifting og dramatisk modernisering, budde mange nordmenn saman i landsbyliknande fellestun. I desse tuna budde og arbeidde familiar i små hus tett i tett, vegg i vegg, med eit lappeteppe av åkrar kring husklynga. 

Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth fekk ideen til Klyngetunet då dei samla stoff frå heile landet til bestseljaren Norges låver. På si hittil siste reise har dei vitja meir enn femti slike små landsbyar som av ulike årsaker har overlevd, frå Agder i sør til Troms i nord. Fleire av dei er freda, nokre har blitt til museum og feriebustader, medan det i andre bur heilt vanlege folk som framleis driv aktivt jordbruk. 

Ein gong fanst det mange tusen slike bondelandsbyar, før dei vart oppløyste i perioden 1860-1920. Boka fortel om korleis den dramatiske oppløysinga endra det norske landskapet og bygdelivet, og korleis det gjekk med dei få tuna der bøndene ikkje flytta for å etablera seg kvar for seg. Boka fortel også om korleis kvalitetane i det tette klyngetunet no kan få ein ny vår om dagens arkitektar, byplanleggarar og husbyggarar ser til denne eldgamle buforma for inspirasjon til nye bumiljø der den moderne nordmannen kan trivast og bu i fellesskap. 

I tillegg til Apneseth sine bilete av klynge- og rekketuna, slik dei framstår i dag, inneheld boka historiske bilete, gamle utskiftingskart som viser den opphavlege organiseringa, og fleire av Arne Berg sine teikningar av dei gamle tuna. 

Dei siste åra har vi sett ei stadig aukande interesse for historia vår, det nære og det solide. Denne boka er ein augeopnar for ein tradisjon som inspirerer stadig fleire nordmenn. 

 

Fakta

Anmeldelser

Ved å fortelle om et forholdsvis ukjent levesett som eksisterte siden middelalderen, nyanserer parhestene Røyrane/Apneseth også historien om den norske bonden. (...) 'Klyngetunet' kan godt leses som et kulturpolitisk innspill til bevilgende myndigheter.

, Bergens Tidende Terningkast 5

En praktbok er det virkelig blitt. Silje Nes har gjort en utmerket jobb med den grafiske utforminga, som er langt mer oppdatert enn tematikken. Fotografiene er fine, teksten god og ikke minst er selve bokformatet veldig vellykket.

, Morgenbladet

Ei flott, grundig og innsiktsfull praktbok. (...) Dei to forfattarane har gjort ein kjempejobb med å samle inn alt materialet til denne boka, og deretter legge det til rette for utgjeving i bokform. (...) Ein bibel om det norske klyngetunet.

, Hallingdølen