Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Sigmund Freuds samfunnsteori

Få andre store tenkjarar, forfattarar og forskarar er så vidgjetne som Freud, og mange av omgrepa hans har blitt ein sjølvsagt del av daglegtalen. Samstundes er omgrepa i psykoanalysen blitt ein del av den samfunnsteoretiske og sosiologiske common sense. Les mer

399,-
Paperback
Sendes innen 3 virkedager
Få andre store tenkjarar, forfattarar og forskarar er så vidgjetne som Freud, og mange av omgrepa hans har blitt ein sjølvsagt del av daglegtalen. Samstundes er omgrepa i psykoanalysen blitt ein del av den samfunnsteoretiske og sosiologiske common sense. Likevel kan vi hevda at det engelske ordspelet «he is well known, but not known well» passar godt til å skildra Freuds plass i samfunnsteorien i dag. Det storslagne ved verket hans er på mange vis blitt viska ut av den trivielle kunnskapen om psykoanalysen og den allmenne førestillinga om kva han handlar om.
I denne boka rekonstruerer Atle Møen samfunnsteorien til Freud med utgangspunkt i fire av hovudverka hans. Møen hevdar at Freud først og fremst var ein samfunnsteoretikar, og at den naturalistiske Freud berre var ein posisjon som skulle skapa vitskapeleg legitimitet til eit heilt nytt prosjekt: å forstå menneskeleg samkvem på ein mest mogleg djuptgåande måte.

Detaljer

Forlag
Scandinavian Academic Press
Innbinding
Paperback
Språk
Norsk Nynorsk
Sider
278
ISBN
9788230402627
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2020
Format
21 x 14 cm

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Sigmund Freuds samfunnsteori:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Ekko

Lena Lindgren
Innbundet 
345,- 379,-

ADHD

Sverre Hoem
Innbundet 
609,-
 

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv