Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Mediesosiologi

Boka gir oversikt over fagfeltet mediesosiologi og er meint som ein vegvisar til forskinga på området. Den overordna problemstillinga er forholdet mellom media og samfunn, og forskingshistorie og teoretiske retningar blir gjennomgått. Les mer

179,-
E-bok
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp
Boka gir oversikt over fagfeltet mediesosiologi og er meint som ein vegvisar til forskinga på området. Den overordna problemstillinga er forholdet mellom media og samfunn, og forskingshistorie og teoretiske retningar blir gjennomgått. Forfattarane presenterer også sentrale studiar om medias rolle i samfunnsutviklinga, kva dei har å seie for demokrati, identitet og sosial ulikskap, og kva rolle dei spelar i ei globalisert verd.
Den nye utgåva er oppdatert med ny empiri og nye skildringar av strukturar og reguleringar i mediesektoren. Boka har også med fleire mediesosiologiske perspektiv, slik som ritualteori og forsking knytt til generasjonsforskjellar.
BASIS er ein serie kortfatta oversynsbøker om sentrale tema i sosiologi. Bøkene oppsummerer og drøftar ulike retningar, perspektiv og forskingstradisjonar og gir god oversikt over dei ulike felta. Kvar bok inneheld ein kommentert bibliografi og eit temaregister slik at ho utgjer eit godt utgangspunkt for vidare arbeid med temaet.
Toril Aalberg (f.1970) er professor i sosiologi ved NTNU. Forskingsinteressene hennar omfattar mellom anna politisk kommunikasjon, offentleg opinion, politisk deltaking og mediebruk.
Eiri Elvestad (f.1970) er førsteamanuensis i sosiologi ved Høgskolen i Vestfold. Forskingsinteressene hennar omfattar mellom anna lokale medium, medieglobalisering, mediebruk, ungdom og kjønn i media.

Detaljer

Forlag
Samlaget
Språk
Norsk Nynorsk
ISBN
9788252189377
Utgave
2. utg.
Utgivelsesår
2018
Serie
Basis

Les utdrag

Åpne utdrag her

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Mediesosiologi:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv