Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Helsing frå Jæren

gamle postkort frå Klepp, Time og Hå

HELSING FRÅ JÆREN
Gamle postkort frå Klepp, Time og Hå

Sidan 1900-talet har det vore store endringar på Jæren. Dette vert godt dokumentert på gamle postkort. Per Vold på Vigrestad har ei stor samling av slike postkort, og i denne boka har me fått høve til å løfta fram gamle postkort frå heile Jæren. Les mer

409,-

449,- Spar: 40,-

Innbundet
Sendes innen 3 - 10 dager
HELSING FRÅ JÆREN
Gamle postkort frå Klepp, Time og Hå

Sidan 1900-talet har det vore store endringar på Jæren. Dette vert godt dokumentert på gamle postkort. Per Vold på Vigrestad har ei stor samling av slike postkort, og i denne boka har me fått høve til å løfta fram gamle postkort frå heile Jæren. Me har òg fått hjelp med bilettekstar av Hans Torgny Indrebø (Hå), Kjell Olav Stange- land (Time), Reidar og Svein Efteland (Klepp).

På byrjinga av 1900-talet, før det fanst moderne biletmedia som fjernsyn, film og internett, var postkort svært populære. Saman med aviser og tidsskrift var dei ein viktig og vanleg måte å spreia aktuelle bilete både av nyhende og kjendisar. I dag er gamle postkort ettertrakta, og sett på som kulturhistoriske samlarobjekt.

«Helsing frå Jæren» viser korleis Jæren ein gong var, og korleis utviklinga har vore. Her finn ein postkort frå byrjinga av 1900-talet og fram til 1960. Med opplysningane som lesaren finn i bilettekstane, skapar dette ein forteljande heilskap og ei bok som bør finnast i ein kvar heim der det bur folk som er interessert i Jæren.

Detaljer

Forlag
Jæren forlag
Innbinding
Innbundet
Språk
Norsk Nynorsk
Sider
275
ISBN
9788293913160
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2022
Format
25 x 20 cm

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Helsing frå Jæren:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv