Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Kunsten å feike arabisk

ei forteljing om autisme

«Liman gir seg ikkje ut i statistikk eller medisinsk historie, i staden skriv ho nært og personleg i eit språk som er forklarande, men også har fine innslag av scener og språklege bilete. [...] Lina Limans forteljing om autisme er augeopnande. [...] Olaug Nilssen er eit godt val av omsetjar, sidan ho kjenner tematikken godt og skriv nynorsk med fin flyt.»

Merete Røsvik, Klassekampen

Ei forteljing om autisme

«Ein del av meg døydde. Ein annan del byrja endeleg, endeleg å leve.»

I 32 år lever Lina Liman med autisme utan å vite om det. Men ho veit at det er noko som ikkje stemmer. Les mer

390,-

429,- Spar: 39,-

Sendes innen 3 virkedager
Ei forteljing om autisme

«Ein del av meg døydde. Ein annan del byrja endeleg, endeleg å leve.»

I 32 år lever Lina Liman med autisme utan å vite om det. Men ho veit at det er noko som ikkje stemmer. Ho lærer seg å feike for å passe inn, ho speler normal, heilt til det ikkje lenger går.

Då journalisten og forfattaren Lina Liman fekk diagnosen som vaksen, hadde ho vore pasient i psykiatrien i sju år. Ho hadde møtt nesten hundre legar, vore tvangsinnlagd og gått på sterke medisinar. At det tar svært lang tid før ei kvinne med autisme blir greidd ut, er ikkje uvanleg. Ofte blir autisme hos kvinner ikkje oppdaga i det heile tatt.

Kunsten å feike arabisk er ei gripande og engasjerande forteljing om korleis det er å leve med autisme, og korleis ein diagnose kan forandre livet.

Boka er omsett til norsk av Olaug Nilssen.

Lina Liman (f. 1980) er journalist med bakgrunn frå Dagens Nyheter og Östgöta Correspondenten. Ho har også skrive den sjølvbiografiske När mörkret kom - en bok om anorexia (2000). Sjølvbiografien Konsten att fejka arabiska kom i 2017.

Sagt om Kunsten å feike arabisk:
«I Kunsten å feike arabisk skisserer Liman ei kronologisk forteljing om livet sitt med personlege skildringar av korleis autismen hennar kjem til uttrykk. [...] [Ho gjer] ein viktig folkeopplysingsinnsats. Utan å forenkle avdramatiserer ho autisme.»
Anna Andersson, Aftonbladet

«Autismens paradoks, fabelaktig fortalt.»
Anders Kapp, Kapprakt

«Liman skriv seg, både pedagogisk og poetisk, gjennom barndommen, tenåra, anoreksien og alle forsøka sine på å prestere og vere «normal» [...] Kunsten å feika arabisk skriv seg inn i ein tradisjon av tekstar om kvinneleg psykisk, ofte misforstått, liding.»
Maria Edström, Expressen

Detaljer

Forlag
Samlaget
Innbinding
Innbundet
Språk
Nynorsk
Sider
312
ISBN
9788234001536
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2021
Originaltittel
Konsten att fejka arabiska
Format
21 x 14 cm

Les utdrag

Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag her

Bla i boka

Anmeldelser

«Liman gir seg ikkje ut i statistikk eller medisinsk historie, i staden skriv ho nært og personleg i eit språk som er forklarande, men også har fine innslag av scener og språklege bilete. [...] Lina Limans forteljing om autisme er augeopnande. [...] Olaug Nilssen er eit godt val av omsetjar, sidan ho kjenner tematikken godt og skriv nynorsk med fin flyt.»

Merete Røsvik, Klassekampen

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Kunsten å feike arabisk:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

ADHD

Kristin Leer
Innbundet 
363,- 399,-
 

Tre lys

Claire Keegan
Innbundet 
272,- 299,-
 

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv