Tung tids tale

roman

'Tung tids tale' gjør det god litteratur skal gjøre. ... Nilssen skaper et forståelsesrom også mellom linjene. Vi skjønner mer enn ordene. Får kjenne på hvordan det er å være moren til Daniel. Denne evnen til å vekke empati er en av litteraturens viktigste oppgaver. Nilssen makter det på strålende vis.

, Hamar Arbeiderblad Terningkast 6
Dette er inga heltehistorie. Det er ei kjærleikshistorie. Ein liten gut mistar språket og forandrar personlegheit. For mora begynner ein kamp, først for å forstå kva som skjer med guten, og så for å få hjelp til å gi han den omsorgen og oppfølginga han treng. Les mer
Vår pris
179,-

(E-bok)
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp
Min side | Bokkilden-app | Kindle

Vår pris: 179,-

(E-bok)
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp
Min side | Bokkilden-app | Kindle

Om boka

Dette er inga heltehistorie. Det er ei kjærleikshistorie. Ein liten gut mistar språket og forandrar personlegheit. For mora begynner ein kamp, først for å forstå kva som skjer med guten, og så for å få hjelp til å gi han den omsorgen og oppfølginga han treng. Familien er plutseleg i ein svært utfordrande livssituasjon, og dei må igjennom lange og utmattande prosessar for å få hjelp. Mødre skal aldri gi opp, blir det sagt, men kva er aksept og kva er å gi opp? Tung tids tale er ein sterk historie om å vere foreldre til eit funksjonshemma barn. Om kampen for at barnet skal bli sett som den han er, og få den støtta han og familien treng. Olaug Nilssen (f. 1977) fekk sitt store gjennombrot med Få meg på, for faen i 2005. Boka braut tabuar knytt til ungdom og seksualitet og blei definerande for ein heil generasjon. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. I boka og teaterstykket Stort og stygt tematiserer ho det å vere forelder for eit barn som ikkje er som dei andre for første gong. Med Tung tids tale bryt ho igjen tabuer, denne gong med ein uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn.

Fakta

Hvordan lese denne e-boka?

Anmeldelser

'Tung tids tale' gjør det god litteratur skal gjøre. ... Nilssen skaper et forståelsesrom også mellom linjene. Vi skjønner mer enn ordene. Får kjenne på hvordan det er å være moren til Daniel. Denne evnen til å vekke empati er en av litteraturens viktigste oppgaver. Nilssen makter det på strålende vis.

, Hamar Arbeiderblad Terningkast 6

... Olaug Nilssen har så lange tankar at ho er i stand til å skrive skjegget av dei fleste. Ein x-faktor i språk og forteljarhandverk let lesaren oppleve denne skakande tragiske historia også som ein raus og styrkande roman om kjærleik, samhald og von.

, BOK365 Terningkast 5

Olaug Nilssens inderlighet, det presise språket og refleksjonene rundt det å være et individ, noe helt for seg selv, er dypt medrivende.

, Dagbladet Terningkast 5

Olaug Nilssen er ein driven og klok forfattar, som samstundes har skrive ein roman med skjønnlitterære kvalitetar og teknisk utstyr, i alt frå allusjonar til oppbygging med stigande spenning, og ein politisk pamflett.

, Stavanger Aftenblad Terningkast 5

Olaug Nilssen har nok ein gong vist at ho er ei av Noregs skarpaste forfattarstemmer. Tung tids tale legg du ikkje frå deg upåverka.

, Fædrelandsvennen Terningkast 5