Det andre namnet - 
      Jon Fosse

Det andre namnet

roman

Serie: Septologien I-II

« Jon Fosse har opna ballet for ein lesefest av dei store dei to neste åra. Om Nobelkomiteen les nynorsk, må det bli pris no.»

, BOK365 Terningkast 6
Fyrste bok i storverk frå Jon Fosse

Kunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Les mer
Vår pris
363,-
Spar
36,-

Veil. pris: 399,-  (Innbundet) Fri frakt!
Leveringstid: Sendes innen 3 virkedager

Innbundet
Legg i
Innbundet
Legg i
Vår pris: 363,-
Spar: 36,-

Veil. pris: 399,-  (Innbundet) Fri frakt!
Leveringstid: Sendes innen 3 virkedager

Fyrste bok i storverk frå Jon Fosse

Kunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er vener og på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet.

Medan eg-forteljaren førebur juleutstilling på Galleri Beyer i Bjørgvin, finn han venen Asle liggjande i snøen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og vert lagd inn på sjukehus. Asle uroar seg for venen som er innlagd, han tek seg av hunden hans og køyrer fram og tilbake til Bjørgvin på snødekte vegar.

Det er adventstid. Kvart år reiser Åsleik med sjarken for å feira jul med syster si. Asle vert alltid invitert med, men takkar alltid nei. Denne jula vil Asle for fyrste gong verta med på julefeiring hos systera.

Livet til dei to Aslane vert fortalt både gjennom tilbakeblikk og gjennom ei notidshistorie. I dette fyrste bandet av «Septologien» handlar tilbakeblikka om barndomen. Det handlar om Asle og systera, fjorden og alle farar, men også om ein nabogut som vart borte på sjøen.

«Septologien» er ei suggererande og storslegen forteljing om kva kunst er, om Gud, alkoholisme, venskap og tida som går. Det handlar om døden, men også om kva det vil seia å vera i livet, om varmen frå ein hund, gleda ved bilkøyring i snø og kor godt det kan smaka med egg og flesk.

Jon Fosse (f. 1959) vert rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger i heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar i inn- og utland.
ANMELDELSER:

Terningkast 6 Vidar Kvalshaug, BOK365
Terningkast 6 Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende
Terningkast 6 Terje Eidsvåg, Adresseavisen
Terningkast 5 Sindre Hovdenakk, VG

FAKTA
Utgitt:
Forlag: Samlaget
Innbinding: Innbundet
Språk: Norsk Nynorsk
Sider: 513
ISBN: 9788252196177
Utgave: 1. utg.
Format: 21 x 13 cm
Nr: 8151709
Nynorsk litteraturpris 2020
KATEGORIER:

Bla i alle kategorier

SERIE:
VURDERING
Gi vurdering
Les vurderinger

« Jon Fosse har opna ballet for ein lesefest av dei store dei to neste åra. Om Nobelkomiteen les nynorsk, må det bli pris no.»

, BOK365 Terningkast 6

«glimrende roman»

, Bergens Tidende Terningkast 6

«lysende litteratur»

, Adresseavisen Terningkast 6

«Jon Fosse dikter frem språklige bilder og stemninger som ingen gjør ham etter.»

, VG Terningkast 5

«Jon Fosses første to bind av 'Septologien' er en herlig fest for dem som liker karbonadesmørbrød med løk, røyking inne, mobilfrie soner – og vestlandsk nynorskmodernisme fra åtti- og nittitallet. (...) Fosse er tilbake i en klassisk form som han i all hovedsak har støpt selv.»

, NRK Bok

«strålande»

, Dagsavisen

«Mesterlig fra Jon Fosse [...] «Septologien» er et nytt storverk fra Jon Fosse»

, Dagbladet

«Jon Fosse (1959, debut 1983) er eit fenomen og noko for seg sjølv i norsk litteratur. [...] Fosse gjer det suverent i sin særmerkte, enkelt bølgjande, suggererande stil.»

, Stavanger Aftenblad