Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Oppbrotsteologi på det lange 70-talet

frigjeringsteologi, marxisme, sosialetikk

«Ulsteins Oppbrotsteologi på det lange 70-talet er ei rettkomen påminning om at også trus- og kyrkjelivet er ein del av norsk historie. Det er ei opplyftande og rik bok Ulstein legg fram - eit teologisk nybrotsarbeid.»

Rune Slagstad, Dag og Tid 13. mai 2022

68-opprøret var eit internasjonalt fenomen som nådde Norge og som kom til å prege 1970-åra. Radikalisering av unge kristne var ein særprega del av opprøret. Utanfor den amerikanske ambassaden demonstrerte teologiske studentar mot krigen i Vietnam. Les mer

479,-
Innbundet
Sendes innen 3 virkedager
Interessert i historiebøker?
Bli med i fordelsklubben Vår historie og få fordelspris 407,-
68-opprøret var eit internasjonalt fenomen som nådde Norge og som kom til å prege 1970-åra. Radikalisering av unge kristne var ein særprega del av opprøret. Utanfor den amerikanske ambassaden demonstrerte teologiske studentar mot krigen i Vietnam. Og det skjedde ei vekking til ansvar for den tredje verda, som medskuldige i kolonialismen. Kyrkjenes Verdsråd registrerte ei revolusjonær oppbrotsstemning i verda, saman med ein tilsvarande frigjeringsteologi: Gud står på dei undertrykte si side! Her heime vart kapitalismen i form av den korporative sosialdemokratiske staten gjort til ein hovudfiende. Vi fekk også ein radikal kvinnekamp.

I denne situasjonen fekk vi fenomenet 'kristen-radikalarane', som raskt vart til kristen-sosialistar. Desse fekk behov både for å legitimere seg teologisk overfor ei borgarleg kyrkje og for å utforme ein teologi som grunngav aktiviteten.

Denne boka er første del av den første større undersøkinga av korleis kristen-radikalarane utvikla ein teologi for sin praksis i det som er kalla 'det lange 70-talet'. Oppbrotet gjaldt ikkje berre politikk og marxisme. Det kom også ei sosialetisk vekking, inkludert eit økologisk engasjement og eit kvinneopprør i kyrkja. Boka fylgjer brytingane tett i tekst og tid, der teologien skjer.

Boka vender seg til den som er interessert i 68-fenomenet og vil ha ei grundig historie om korleis radikaliseringa arta seg i teologisk bryting og sosialetisk engasjement i denne turbulente perioden.

Detaljer

Forlag
Cappelen Damm akademisk
Innbinding
Innbundet
Språk
Nynorsk
Sider
512
ISBN
9788202753689
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2022
Originaltittel
Oppbrotsteologi på det lange 70-talet
Format
25 x 17 cm
Serie
Religionsfag profil 44

Bla i boka

Anmeldelser

«Ulsteins Oppbrotsteologi på det lange 70-talet er ei rettkomen påminning om at også trus- og kyrkjelivet er ein del av norsk historie. Det er ei opplyftande og rik bok Ulstein legg fram - eit teologisk nybrotsarbeid.»

Rune Slagstad, Dag og Tid 13. mai 2022

«Ulstein har skrive ei grundig framstilling med solid dokumentasjon ved notar og litteraturliste. Det dreier seg om ei innhaldsmetta bok på over fem hundre store sider. [...] Språkleg er det ein fryd å lesa [...] Her er mykje stoff til kunnskap og ettertanke, og til forklaring av det som skjedde frå slutten av 1960-talet og eit par tiår framover. Noko av det har ikkje den store aktualiteten ut over det som skjedde då, men anna fekk konsekvensar for den vidare utviklinga og situasjonen i dag.»

Johannes Kleppa, Dagen 5. september 2022

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Oppbrotsteologi på det lange 70-talet:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Kniv

Jo Nesbø
Innbundet 
99,- 399,-

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv