Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Norsk flora

Norsk flora har vore Noregs mest brukte vitskaplege flora dei siste 70 åra. Her finn ein alle dei meir enn 3500 artane av karplantar som er funne i landet, om lag 2500 av dei med identifikasjonsnøklar og omtale, opplysningar om økologi og utbreiing og kommentarar om systematikk. Les mer

899,-
Innbundet
Sendes innen 3 virkedager
Norsk flora har vore Noregs mest brukte vitskaplege flora dei siste 70 åra. Her finn ein alle dei meir enn 3500 artane av karplantar som er funne i landet, om lag 2500 av dei med identifikasjonsnøklar og omtale, opplysningar om økologi og utbreiing og kommentarar om systematikk. Norsk flora er den einaste floraen som inneheld nøklar: ein lettfatteleg steg-for-steg-metode for å kunne identifisere plantar presist. Boka dekkjer alle plantar som er funne viltveksande på fastlandet og dei arktiske øyane, både dei heimlege og dei framande plantane, og både dei som er medvite innførte, og dei som har kome utilsikta med menneskeleg aktivitet. Fleire forfattarar har vore med i arbeidet med denne utgåva. Storparten av dei artane som er omtala, er òg illustrerte. Boka inneheld om lag 3200 strekteikningar, og meir enn 400 av desse er nye for denne utgåva.

Norsk flora har kome ut med ei ny utgåve om lag kvart tiande år sidan 1944 under ulike namn (Norsk flora, Norsk og svensk flora og Norsk, svensk, finsk flora). I denne 8. utgåva er det kome med meir enn 500 nye plantar som er funne eller i alle fall påviste dei siste åra. Teksten og nøklane er omarbeidde, og informasjonen om utbreiing og økologi er oppdatert slik at floraen syner dei store
endringane i norsk flora dei siste 15 åra sidan førre utgåva.

Reidar Elven (f. 1947) er pensjonert professor og konservator frå Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Spesialfelta hans er norsk flora, vegetasjon og plantegeografi.

Charlotte S. Bjorå (f. 1973) er førsteamanuensis og konservator ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Spesialfeltet hennar er botanisk systematikk.

Eli Fremstad (f. 1945) er pensjonert konservator frå Vitskapsmuseet ved Noregs teknisk naturvitskaplege universitet i Trondheim. Spesialfelta hennar er norsk vegetasjon og flora.

Hanne Hegre (f. 1972) er dr.scient. frå
Universitetet i Oslo. Spesialfeltet hennar er botanisk systematikk.

Heidi Solstad (f. 1971) er dr.scient. frå Universitetet i Oslo. Spesialfeltet hennar er botanisk systematikk.

Kundevurdering:
Lid's Flora er selve Floraen med stor F for alle botanikkinteresserte i Norge - og når den nå endelig har kommet i ny, oppdatert utgave er det selvfølgelig bare å løpe og kjøpe. Dette er derimot ikke en flora for deg som bare er sånn passelig interessert i planter og bare lurer litt på hva den fine blå blomsten som vokser bakom hytta heter - her trenger du en del forkunnskaper for i det hele tatt å kunne bruke bestemmelsesnøkkelen. (Og Lid's har heller ikke fine fargebilder eller fotos, som andre floraer gjerne inneholder - her går det i svart-hvite illustrasjoner). Floraen for småproffe (og helproffe) botanikere!

mt

Detaljer

Forlag
Samlaget
Innbinding
Innbundet
Språk
Nynorsk
Sider
1255
ISBN
9788252198621
Utgave
8. utg.
Utgivelsesår
2022
Originaltittel
Norsk flora
Format
25 x 18 cm

Kunders vurdering

m
mt – 10.02.2006

– Lid's Flora er selve Floraen med stor F for alle botanikkinteresserte i Norge - og når den nå endelig har kommet i ny, oppdatert utgave er det selvfølgelig bare å løpe og kjøpe. Dette er derimot ikke en flora for deg som bare er sånn passelig interessert i planter og bare lurer litt på hva den fine blå blomsten som vokser bakom hytta heter - her trenger du en del forkunnskaper for i det hele tatt å kunne bruke bestemmelsesnøkkelen. (Og Lid's har heller ikke fine fargebilder eller fotos, som andre floraer gjerne inneholder - her går det i svart-hvite illustrasjoner). Floraen for småproffe (og helproffe) botanikere!

Oppdag mer

Bøker som ligner på Norsk flora:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

1984

George Orwell
Paperback 
229,-

Fri

Lea Ypi
Innbundet 
363,- 399,-

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv