Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Vestlandsvegar

historier om farlege og spektakulære vegstrekk

«fart, spaning og dramatiske hendingar på spektakulære og farefulle vestlandsvegar»

Mette Bleken, Hardanger Folkeblad

Om livet på farlege vegar.
Vestlandet er kjend for smale, svingete og farlege vegar gjennom tronge fjordar og over bratte fjell. I dag er mange av skrekk-vegane erstatta av tunnellar. I denne boka tek Halvor Folgerø oss med på ei reise tilbake i tid og på utsida av tunnellane, til både berykta og berømte vegar. Nokre vegstrekk er kjende og ikoniske, som Måbødalen, Tokagjelet og Ørnevegen i Geiranger. Andre er meir bortgøymde, men alle ligg i dramatisk natur, og har vore krevjande å ferdast på. Les mer

409,-

449,- Spar: 40,-

Innbundet
Sendes innen 3 virkedager
Interessert i historiebøker?
Bli med i fordelsklubben Vår historie og få fordelspris 381,-
Om livet på farlege vegar.
Vestlandet er kjend for smale, svingete og farlege vegar gjennom tronge fjordar og over bratte fjell. I dag er mange av skrekk-vegane erstatta av tunnellar. I denne boka tek Halvor Folgerø oss med på ei reise tilbake i tid og på utsida av tunnellane, til både berykta og berømte vegar. Nokre vegstrekk er kjende og ikoniske, som Måbødalen, Tokagjelet og Ørnevegen i Geiranger. Andre er meir bortgøymde, men alle ligg i dramatisk natur, og har vore krevjande å ferdast på.

Dette er historia om då vegane vart bygde, men minst like viktig er forteljinga om korleis det var å leve med slike vegar. Det kunne vere nervepirrande, særleg om vinteren. Posten skulle fram, varene skulle leverast og elevane skulle på skulen. Som regel gjekk det bra, men ikkje alltid. Det handlar om hårnålssvinger, rygging på stup, kork og kø, skrekkslagne turistar, fødsel i førarhus, dramatiske ras og utforkøyringar. Nokre historier er nesten ikkje til å tru, som forteljinga om dei tre unggutane som var på veg ned Tokagjelet i Hardanger vinteren 1975. Dei fekk sleng på bilen, fauk over støypekanten, svevde 50 meter i fritt fall, men landa i ei mjuk snøfonn. Alle tre kom frå det utan større fysiske skader.
Saman teiknar desse vegane eit bilete av kvardagslivet på Vestlandet i nær fortid, og dei fortel om ein ufatteleg vilje til å trosse den steile naturen. Boka er rikt illustrert med gamle og nye bilete frå eit utval av Noregs farlegaste og mest spektakulære vegstrekk.

Halvor Folgerø (f.1967) er journalist, musikar og forfattar frå Stord. Han har i ei årrekkje vore tilsett i NRK.

Medlemsvurdering:
Svært interessant bok. Skildringar som gjer at ein kan kjenne seg nokså skjelvande innvendig. Får lyst til å vandre på somme av desse vegane. Ein del fine og spektakulære bilete

Borgny Feten

Detaljer

Forlag
Samlaget
Innbinding
Innbundet
Språk
Nynorsk
Sider
198
ISBN
9788234002434
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2021
Originaltittel
Vestlandsvegar
Format
26 x 21 cm
Nr
8190224

Bla i boka

Anmeldelser

«fart, spaning og dramatiske hendingar på spektakulære og farefulle vestlandsvegar»

Mette Bleken, Hardanger Folkeblad

«Billedrik kulturhistorie med skarpe svinger og stor dramatikk»

Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende

Kunders vurdering

B
Borgny Feten – 14.12.2021

– Svært interessant bok. Skildringar som gjer at ein kan kjenne seg nokså skjelvande innvendig. Får lyst til å vandre på somme av desse vegane. Ein del fine og spektakulære bilete

Oppdag mer

Bøker som ligner på Vestlandsvegar:

Fyrfolk

Heidi Eikremsvik Lindaas
Innbundet 
443,-
 

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Sulten

Jan Ivar Nykvist
Innbundet 
480,- 549,-
 

Skogen

Anne Sverdrup-Thygeson
Innbundet 
409,- 449,-

Bare mat

Eyvind Hellstrøm
Innbundet 
545,- 599,-
 

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv